Søk tilskudd til skilting og merking av turløyper

Tilskotsordninga skal bidra til auka og trygg friluftsferdsle der folk bur og oppheld seg, gjennom informasjon, skilting og merking.

Tilskotsordninga skal bidra til auka og trygg friluftsferdsle der folk bur og oppheld seg, gjennom informasjon, skilting og merking. Søknadar knytt til rundløyper der dette er mogeleg for å auke bruksverdien vert prioritert. Prosjektmidlane skal gå til merking og skilting av turruter i tråd med Merkehåndboka og «Manual – Turskiltprosjektet».

Kven kan søkje

  • Frivillige organisasjonar og foreiningar (idrettslag, speidar, grendelag, velforeiningar, turlag osb) registrert med organisasjonsnummer i det offentlege frivillighetsregisteret.
  • Interkommunale friluftsråd.
  • Kommunar, reiselivsorganisasjonar, hytteforeiningar og andre interessentar kan søkje saman med ein frivillig organisasjon(kategori 1) eller eit interkommunalt friluftsråd (kategori 2).

Kva kan du få støtte til

Standarden byggjer på ein mal for skilting og merking samt eit verkty for gradering som tek omsyn til vanskelegheitsgrad. Søkjar avgjer om turrutene skal graderast. Stønaden går berre til innkjøp og produksjon av skilt, merking og infotavler (inkl. innfestings-materiell / anna festemateriell) samt til informasjon knytt til tavlene og til turkort, sjå Manual – Turskiltprosjektet. Det kan gis støtte til skilting og merking av alle typar løyper og stiar som er omtala i Merkehåndboka. Det gis ikkje støtte til prosjektering, infomateriell (utover det som er skildra over), utbetring av sjølve turruta eller til marknadsføring.

NB. Det må liggje eit lokalt samarbeid til grunn for prosjektet og det er krav om 50% eigeninnsats i prosjektet (i form av dugnad og/eller eigne midlar).

Sjå også

merkehandboka.no
turskiltprosjektets manual

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknad om tilskot må bygge på "Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper".

Søknad om tilskot må vere ferdig utfylt for at den skal handsamast, inkludert plan for drift og vedlikehald.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Statusrapport skal leverast innan 30. november same år. Sluttrapport skal leverast innan 30. november påfølgande år.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.