Tilskot: Friluftslivets ferdselsårer

Friluftslivets ferdselsårer er eit nytt nasjonalt prosjekt (2019-2023) som mellom anna skal betre turvegar, turstiar og turløyper i kommunane.

Føremål med ordninga

Målet med ordnigna er at den enklaste form for friluftsliv, vandring i naturområder, skal bli lett tilgjengeleg for alle. Dette skal gjerast ved å betre kunnskapsgrunnlaget, fremje planlegging av samanhengande nettverk av friluftslivets ferdselsårer (turvegar, turstiar og turløyper) i kommunane, opparbeide og rehabilitere ferdselsårer i friluft, og skilting og merking av desse.

Friluftslivets ferdselsårer er ei naturleg vidareføring av det gode arbeidet kommunane har gjort med kartlegging og verdisetting av friluftsområde (som vert fullført i alle kommunane i Hordaland i 2019) og det nasjonale turskiltprosjektet (2014-2018) knytt til merking og gradering av turløyper.

Prosjektet er  som er forankra i Handlingsplan for friluftsliv (2018).

Kven kan søkje

Kommunar og frivillige organisasjonar. Fortenestebaserte verksemder kan ikkje få tilskot.

Kva kan ein få støtte til

Prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom i lokalmiljøa gjennom fremje planlegging,
opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar i kommunane. Tiltak der
målgruppa har medverka blir prioritert. Vi oppmodar kommunar og organisasjonar til å samarbeide. Det blir ikkje løyvd tilskot til anlegg som kan søke spelemidlar eller til drift.

Prioriterte prosjekt

  • Registrering av data inn i nasjonal database for tur- og friluftsruter (rettikartet.no)
  • Utarbeiding av ein heilskapleg kommunal plan for friluftslivets ferdselsårer, i samsvar med rettleiar frå Miljødirektoratet.
  • Dokumentasjon av ferdsel på turveg, sti- og løypetrasear (turteljarar)
  • Merking og gradering av eksisterande ferdselsårer (turvegar, turstiar og turløyper) og/eller turkort

Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50% av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner per time).

Desse vilkår må vere oppfylt

Ein må følgje den nasjonale rettleiar for friluftslivets ferdselsårer frå Miljødirektoratet (som vert ferdigstilt på ny året 2019). Ein kan ikkje søke om tilskot til anlegg og ordinær drift av anlegg Tilskot til tiltaket kan ikkje overstige 50 % av den totale kostnaden. Tiltaket skal sluttførast innan 1,5 år etter motteke tilsagnsbrev.

Ytterlegare moment ved vurdering av søknad

Tildeling av tilskot til søknadar som fyller grunnvilkåra blir vurdert med utgangspunkt i formålet med ordninga, der det mellom anna blir lagt vekt på følgjande moment:

  • I kva grad det har vore medverknad frå målgruppa i utvikling og gjennomføringa av tiltaket.
  • I kva grad det er samarbeid med andre aktørar (kommunar og organisasjonar).
  • I kva grad bygger tiltaket ny kompetanse og om det har overføringsverdi.

Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak
som fråvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ei gong i månaden.

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon/dokumentasjon til at vedtak kan gjerast. Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema og m.a. innehalde: Dokumentasjon som kort gjer greie for målet for tiltaket, korleis arbeidet er planlagt gjennomført, kven som er involvert, framdriftsplan og
ei skildring av korleis tiltaket skal vidareførast etter tilskotsperioden. Finansieringsplan/budsjett for tiltaket.

Om tiltaket er støtta/søkt om frå andre fylkeskommunale/statlege tilskotsordningar, skal dette informerast om i søknaden. Mangelfull søknad vert ikkje handsama.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Statusrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 15. januar påfølgande år. Den skal innehalde:

  • Ei kort skildring av status i arbeidet og ev. justeringar i planen for tiltaket.

Sluttrapport skal sendast Hordaland fylkeskommune innan 1. desember, 1,5 år etter tilsegn. Den skal innehalde:

  • Ei kort skildring av gjennomførte tiltak og ev. avvik frå planen for tiltaket.
  • Regnskap m/oversikt over kostnader og finansiering.

Ev. dokumentasjon i form av foto, link til nettside, avisutklipp e.l. Hordaland fylkeskommune og fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Administrasjonen kan gje utsetjing frå kravet
om frist for innlevering av sluttrapport ved særlege høve. Brot på krava til rapportering/kontroll kan føre til at tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Om tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er
klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900,
5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltningslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.