Investeringstilskot til idrettsanlegg med regional og nasjonal verdi

Hordaland fylkeskommune sitt investeringstilskot skal medverke til at regionen får store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap.

Føremål med ordninga:

Hordaland fylkeskommune sitt investeringstilskot skal medverke til at regionen får store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Desse anlegga er også viktige for at for at unge, lovande utøvarar og toppidrettsutøvarar skal kunne utvikle seg vidare i fylket.

Kven kan søkje:

Kommunar og andre anleggseigarar.

Kva kan støttast:

Kostnadskrevjande idrettsanlegg der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Hordaland fylkeskommune føreset tidleg dialog om utvikling av prosjektet. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i ein kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv eller ein kommunedelplan for kultur. Investeringstilskot vert berre løyvd til faste bygg/anlegg.

Storleiken på tilskotet vert vurdert i høve godkjent finansieringsplan. Tilskot frå det fylkeskommunale investeringstilskotet vert vurdert i lag med anna fylkeskommunal støtte.

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Krav til søknad:

Søknad om investeringstilskot skal sendast via kommunen og innehalde skildring av anlegget med finansieringsplan og kostnadsoverslag. Anlegget skal vere forankra i kommunal delplan og ev. regional plan. Søknaden skal og innehald ein vurdering av anlegget sin nasjonale verdi, med uttale frå respektivt særforbund. Om det vert søkt om investeringstilskot til eit anlegg med regional verdi som finst frå før i Hordaland, er det opp til søkjar å skildre kva som skil anlegget i høve til det/dei som eksisterer.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no.

Profilbilde av Bjørg Larsen
Bjørg Larsen
48991265