Anlegg
Regional kulturplan for Hordaland 2015-2025
Mål: 1. Anlegg for fysisk aktivitet og friluftsliv skal vere tilgjengelege for folk i deira nærmiljø. 2. Anlegg for idrett bør vere knytt til skular og idrettsparkar. 3. Utvikle anlegg som tilfredsstiller særidrettslege toppidrettsbehov der det kan arrangerast nasjonale og internasjonale meisterskap.
Sjå planenUtvikling av anlegg er det viktigaste verkemiddelet for å nå visjonen «aktiv kvar dag» for folk i Hordaland. Barn og ungdom er prioriterte målgrupper. For barn er det viktig med anlegg i lokalmiljøet som stimulerer og tilfredsstiller behova deira for fysisk aktivitet i organiserte og eigenorganiserte former. For ungdom treng ein anlegg som gjev utfordringar og variasjon, og som legg til rette for nyare og meir eigenorganiserte aktivitetar.
Gjennom ei heilskapleg anleggsutvikling kan ein innby til aktivitetar med låg terskel, allsidig friluftsliv, nye idrettar og tradisjonell konkurranseidrett og toppidrett. Det er dei lokale behova som i utgangspunktet avgjer kva for anlegg som skal byggast. Kommunar, i samhandling med idrettsråd, friluftsråd og turlag, må prioritere anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv ut i frå målet om at ein skal vere akive kvar dag. Prioriteringane skal forankrast i kommunale planar, som gjev fylkeskommunen og Kulturdepartementet eit reelt oversyn over anleggsbehova.
For at barn og ungdom skal kunne vere aktive, bør det vere gratis bruk av fylkeskommunale idrettsanlegg og gymsalar på kveldstid og i helger. Kunnskap og kompetanse er viktig for å kunne planlegge, bygge og drifte anlegg tilpassa trendar og behova til innbyggarane. Gjennom konferansar, samlingar og synfaringar blir det delt erfaringar og skapt nettverk, som gjev eit godt grunnlag for vidare samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor, for å legge til rette for ein aktiv kvardag i Hordaland.
Tenester
- Investeringstilskot til idrettsanlegg med regional og nasjonal verdi
- Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
-
Anleggspolitikk og kriterier for tildeling av spelemidlar
For Vestland - med handlingsprogram 2020-2024 (PDF)
Aktuelle saker handsamast i utval for kultur, idrett og regional utvikling
Sjå heile oversikta