Kom med din idé til fylkesvåpen!

Det nye storfylket vårt skal ha eit fylkesvåpen, men korleis skal det sjå ut? No kan du teikne og forklare slik du vil ha det!

Du sender inn ditt forslag innan 20. juni, og etter det vil ein fagjury og ein folkejury plukke ut 10 forslag kvar. Desse forslaga vert lagt ut til nettavstemming der du som bur i Hordaland og Sogn og Fjordane stemmer fram din favoritt, som vinn folkefavorittpremien på kr 25.000,-.

Ved sida av desse innspela frå innbyggjarane skal ein fagkomité i haust legge fram forslag til motiv for nytt fylkesvåpen. Desse går til ein designkonkurranse der byrå og kunstnarar kan delta. Til slutt er det politikarane i fylkestinga i våre to fylke som skal vedta det nye fylkesvåpenet. 

vlfk.no/fylkesvapen finn du alle detaljar om innspelskonkurransen, og finn og lenke til skjema der du kan sende ditt forslag. Vi gler oss til å sjå ditt forslag!

Seniorrådgjevar
Profilbilde av Ole Vegard Skauge
Ole Vegard Skauge
55378057