Forsking og innovasjon

Forskingsbasert kunnskap gir grunnlag for auka verdiskaping og betre oppgåveløysing

Regional forskingsstrategi Hordaland

Hordaland fylkeskommunane har ansvar for å styrke forsking som kan fremje utvikling i fylket vårt.

Vi jobbar med å auke forskingsinnsats i privat og offentleg sektor og stimulere til forsking som bidrar til innovasjon og verdiskaping. Dette gjer vi gjennom å samarbeide med andre aktørar i eige fylke, regionalt og nasjonalt.

Som mål har vi at bedrifter, offentlege aktørar, forskingsinstitusjonar og andre skal få meir ut av dei ordningane som finst. Nokre ordningar, som Regionalt forskingsfond Vestlandet og MobiFORSK forvaltar vi sjølve, medan nokre er det andre som har ansvar for.

Hjelp og støtte til forskings- og innovasjonsprojekt

Nokre ordningar har søknadsfrist, medan andre har løpande tilbod om rettleiing og innsending av søknad.

Gode døme

Satsar på kommuneforsking

Det skal bli meir kunnskapsbasert innovasjon og utvikling i kommunesektoren. To sentrale aktørar er Regionalt forskingsfond Vestlandet og det nye programmet FORKOMMUNE i regi av Forskingsrådet. 

– Kommunal deltaking i forsking er av relativt ny dato. I mange kommunar er det ikkje kultur for å ta i bruk forsking som utviklingsverktøy. Dei har kanskje heller ikkje hatt det nødvendige systemet eller nettverket eller ressursane til å gå aktivt inn i forsking. Vi håpar at nye støtteordningar kan bidra til å endre dette, seier seniorrådgjevar Randi Lotsberg frå Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet).

25 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF) dela i juni 2016 ut 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Bergensbedriftene Offshore Sensing AS og Biomega AS, oppdrettselskapet Hardingsmolt AS i Tørvikbygd og kommunane Bergen og Fjell er mellom dei som får pengar. 

Inntil tre millionar kroner går til vass- og avløpsetaten i Bergen kommune som skal forske på bruk av fiskeavfall og fiskeslam i produksjonen av fornybar energi ved kommunale biogassanlegg.

Nye anlegg for biogass opnar i Bergen og Stavanger. I forskingsprosjektet skal ein mellom anna finne ut korleis ein kan blande fiskeavfall, matavfall og avløpsslam frå kommunale reinseanlegg slik at biogassproduksjonen blir mest mogleg effektiv.