Verktøy for folkehelseoversikt i kommunane

For å bistå kommunane med å lage folkehelseoversikt, har Hordaland fylkeskommune utarbeida eit verktøy for arbeidet.

Kommunen skal skaffe nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne. Informasjon om folkehelse skal ligge til grunn for arbeid knytt til plan- og bygningslova, og være eit grunnlag for planstrategien.

Det kan vere krevjande å sikre ein god prosess og å velje ut relevant statistikk. Fylkeskommunen skal understøtte lokalt folkehelsearbeid i kommunane. For å bistå kommunane med dette lovpålagde arbeidet, har Hordaland fylkeskommune utarbeidd eit verktøy for arbeidet.

Fylkesmannen publiserer alle ferdige kommunale og fylkeskommunale helseoversikter på sine nettsider, og fører tilsyn med kommunalt og regionalt folkehelsearbeid.

Ferdige folkehelseoversikter i Hordaland

Slik får du eit godt oversiktsdokument

Vurder all informasjon, og ver særskilt merksam på trekk ved utviklinga som kan skape, eller halde ved like sosiale eller helsemessige problem. Sikre at planlegging og tiltak er kunnskapsbasert.  Følg utviklinga over tid og vurder effekten av tiltak som blir sett i verk. Kjernespørsmål i desse vurderingane er:

  • Kvifor har situasjonen oppstått og kor viktig er den for helsa til befolkninga?
  • Kva kan vere konsekvensane av å ikkje gjere noko?
  • Er det særskilte samfunnstrekk som har skapt situasjonen?
  • Kan utviklinga føre til sosiale helseforskjellar?

Ta stilling til kva kommunen har behov for å vite noko om. Hald fokus på kva som trengst av informasjon, framfor kva som finst av informasjon.

Som kjelder til arbeidet kan du bruke statistikk,  og lokale erfaringar. Klare data skal ha større vekt enn skjønsmessige vurderingar. Fagpersonar og organisasjonar i kommunen kan og vere gode kjelder til arbeidet. 

Verktøy for oversiktsarbeidet

Målet med dette verktøyet er å vere ei hjelp for ikkje "å gå seg vill" i statistikken. Med klart definerte spørsmål som utgangspunkt, blir det lettare å velge ut den informasjonen som trengst. Det aller meste av informasjonen er samla i statistikk.ivest, som er delt inn etter forskrifta sine kapittel A-F. Vi har og tatt med ei lita samling av anna tilgjengeleg informasjon. Dette er statistikk som kan nyttast der det er behov for å grave djupare, men som vi ikkje i utgangspunktet har tatt med som del av folkehelsestatistikken. 

A - Befolkningssamansetnad

Kven er innbyggjarane våre?

Kven er dei, kvar kjem dei frå, kor gamle er dei og kva utdanning har dei? Dette er viktig bakgrunnsinformasjon som har innverknad på strategiske vegvalg i kommunen.

Statistikkressursar som kan vere til nytte:

statistikk.ivest

Statistikk frå NAV

Kommunehelsa statistikkbank frå folkehelseinstistuttet

Diverse helsestatistikk frå Folkehelseinstituttet

B - Oppvekst og levekårsforhold

 Korleis er det å gå i barnehage og på skule i kommunen?

Grunnlaget for framtidig helse blir lagt i dei tidlegaste åra av livet. Å tilby barnehagar og skular med god kvalitet er kanskje det aller viktigaste og beste folkehelsetiltaket.

Statistikkressursar som kan vere til nytte:

Lokale kjelder som kan vere nyttige:

  • Leiing og tilsette i barnehage og skule
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Helsesøster, PPT og barnevern
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Kommuneoverlege (Miljøretta helsevern)
  • Frivillige organisasjonar (til dømes leksehjelp, psykisk helsehjelp)
  • Fritidsklubbar og idrettslag

 

Korleis er det å arbeide her?

Arbeidsplassen kan vere ein arena for personleg utvikling og sosialt fellesskap. Men arbeidsplassen kan og vere ein arena for slitasje, risiko for ulukker og stress.

Statistikkressursar som kan vere til nytte:

Lokale kjelder som kan vere til nytte:

  • NAV
  • Tillitsvalde/ Verneombod
  • Lokalt næringsliv
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

 

Korleis er bustadhøva i kommunen?

Buforhold som inneklima, størrelse, plassering og utemiljø kan ha innverknad på helsa. I kva grad innbyggarane eiger eller leiger bustaden sin, kva for standard det er på bustaden, nabolagsprofil, omfang av støy og tilgang på lys er alle faktorar som heng saman med helse.

Statistikkressursar:

Lokale kjelder som kan vere til nytte:

  • NAV
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne 
  • Eldreråd
  • Leigetakarorganisasjon
  • Planleggjar
  • Kommuneoverlege (miljøretta helsevern)

 

Korleis er dei økonomiske forholda og i kva grad er det skilnader?

Det relative inntektsnivået i samfunnet har effekt på helsa, og kan verke inn på opplevinga av eigenverd, helseåtferd, vonde kjensler, stress og konflikt. 

Statistikkressursar:

Lokal kunnskap:

  • NAV
  • Helsestasjon
  • Ungdomsråd
  • Eldreråd

C - Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

Korleis er det fysiske miljøet og i kva grad er det gjort trygt og tilgjengeleg for befolkninga?

Fysisk miljø handlar om utemiljøet i form av trafikk/ forureining, tilgang på grøntområde, osb. Men det handlar også om det fysiske innemiljøet. Universell utforming er og del av det fysiske miljøet. 

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Barnetråkk
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Kulturavdeling
  • Lokale organisasjonar
  • Politi
  • Vegvesenet
  • Kommuneoverlege (miljøretta helsevern)
  • Teknisk avdeling / planleggjar
  • Kommunal GIS-ansvarleg

Kva sider ved det kjemiske og biologiske miljøet bør vi vere særskilt merksame på?

Vern mot smittsame sjukdommar er eit viktig folkehelsetiltak. Oversikta bør samordnast med smittevernlova §§ 7-1 og 7-2

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Kommuneoverlege
  • Verneombod
  • Helsesøster

 

Kva sider ved det sosiale miljøet vi bør vere særskilt merksame på?

Det sosiale miljøet kan vere all sosial aktivitet som går føre seg og er tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Det sosiale miljøet handlar og om kva for arenaer som er tilgjengelege, til dømes uformelle møteplassar eller universelt utforma område. 

Statsitikkressurser:

Lokale kjelder:

  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Helsestasjon
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Invandrarråd
  • Frivillige organisasjonar
  • Politi
  • NAV
  • Kulturavdelinga
  • Burettslag

Er dei sosiale møteplassane og arenaene gode nok og mange nok?

Det sosiale miljøet er den sosiale aktiviteten som går føre seg og er tilgjengeleg for innbyggjarane.  Men det handlar og om uformelle møteplassar, eller universelt utforma område. 

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Barnetråkk
  • Elevråd og Ungdomsråd
  • Frivilligsentral
  • Foreldrearbeidsutval / samarbeidsutval
  • Helsestasjon
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Innvandrarråd
  • Frivillige organisasjonar
  • NAV
  • Kulturavdelinga

D - Skadar og ulukker

Kva for type skadar og ulukker blir innbyggjarane våre utsette for? Kvar og korleis skjer ulukkene? Kven blir råka?

Oversikt over kva typar ulukker, kvar dei skjer og kva tid dei skjer, kan gi auka merksemd om førebygging og meir treffsikre tiltak. 

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Helse- og omsorgssektoren                     
  • Sjukehus og legevakt
  • Politi
  • Tannlegar
  • Brannvesen
  • Teknisk etat
  • Trygg trafikk
  • Bedriftslegar
  • NAV

E - Helserelatert åtferd

Korleis lever folk liva sine?

Det er eit mål å redusere sosiale skilnader i kosthald, fysisk aktivitet, bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel.

Statistikkressursar:

Lokale kjelder:

  • Barnehage, skule, SFO
  • Helsetenestene; rus, psykiatri og andre
  • Helsestasjon
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Råd for menneske med nedsett funsjonsevne
  • Eldreråd
  • Innvandrarråd
  • Kulturavdelinga
  • Lokale organisasjonar; frivillige og andre
  • Tannklinikken
  • Næringsavdelinga

Kva gjer kommunen for å legge til rette for sunne levevanar?

Helseatferda heng tett saman med sosiale forhold og omgjevnadene. Korleis kommunen arbeider for å sørge for gode rammevilkår for befolkninga, påverkar befolkninga sine helseval.

Statistikkressursar:

Lokale ressursar:

  • Leiing og tilsette i barnehage, skule og SFO - også i vidaregåande
  • Elevråd og ungdomsråd
  • Foreldrearbeidsutval og samarbeidsutval
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Helse- og omsorgssektoren
  • Representantar for pårørande
  • Kulturavdelinga
  • Planleggjarar
  • Politi

F - Helsetilstand

Korleis er helsa til befolkninga?

Levealderen i Noreg har auka for alle, men befolkningsgruppene som har lang utdanning og høg inntekt har hatt den beste utviklinga. Sosiale skilnader i helse løper stort sett gjennom heile det sosiale hierarkiet med gradvis aukande skilnader. Det betyr at slike skilnader også finst mellom sosiale grupper som har relativt lang utdanning og høg inntekt. 

Statistikkressursar:

Lokale lenkjer:

  • Helse- og omsorgssektoren
  • Helsesøster
  • NAV
  • Leiing og tilsette i barnehage, skule og SFO - også i vidaregåande
  • Tannklinikken
  • Kriseteam
rådgjevar
Profilbilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
97700413