Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane 2019

Ordninga skal stimulere til utvikling av folkehelsearbeidet i kommunane i Hordaland. Midlane skal nyttast til utvikling av folkehelsearbeidet i tråd med nasjonale og regionale innsatsområder, men med utgangspunkt i kunnskap om lokale behov.

Kven kan søkje?

Kommunar i Hordaland.
Vi gjer merksam på at kvar kommune kun kan sende inn ein søknad.

Krav til søknaden

Søknadar skal registrerast elektronisk på www.regionalforvaltning.no 

  • Kort omtale av kva kommunen ønskjer å nytte tilskotsmidlane til, inklusive målsettingar og relevans for føremålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring.
  • Framdrift og finansieringsplan/ kostnader.
  • Søknadsbeløp, sjå støttenivå under.
  • Enkel rapportering på gjennomføring og resultat av nytta midlar tildelt siste år skal leggast ved søknad om nye tilskotsmidlar.

Vilkår for tildeling

Midlane skal nyttast til å understøtte mål og strategiar knytt til det heilskaplege folkehelsearbeidet i tråd med Regional plan for folkehelse 2014-2025

Midlane kan nyttast innan eit eller fleire av innsatsområda under:

  • Satsingar forankra i kommunale planer for å utvikle befolkningsretta og systematisk folkehelsearbeid.
  • Innsats for å sikre at utjamning av sosiale helseskilnader er tema i kommunane sine plandokument.
  • Samlingar og kompetanseheving på tvers av kommunen sine sektorar.
  • Midlane kan nyttast som delfinansiering av stilling som folkehelsekoordinator.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Ordinær drift, innkjøp av utstyr, anlegg og fysiske tiltak eller einskild arrangement.
  • Førebyggjande arbeid innanfor helsetenesta sine innsatsområder.

Midlar som ikkje vert nytta ut frå gjevne vilkår, kan krevjast betalt tilbake.

Støttenivå

  • Bergen kommune inntil kr 250 000.
  • Andre kommunar med over 10 000 innbyggjarar: Inntil kr 145 000.
  • Kommunar med mellom 5000 og 10 000 innbyggjarar: Inntil kr 95 000.
  • Kommunar med under 5000 innbyggjarar: Inntil kr 70 000.

Merknad

Frå 2020 blir Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune til Vestland fylkeskommune. På grunn av samanslåinga vil tilskotsordninga vurderast.

Kontaktperson
Profilbilde av Else-Marie Brobakke Aarø
Else-Marie Brobakke Aarø
92479790
Kontaktperson
Profilbilde av Anne Mette Nesje Porten
Anne Mette Nesje Porten
99642577
Kontaktperson
Profilbilde av Andreas Ask