Program for folkehelsearbeid 2017 - 2027

Program for folkehelsearbeid er ei tiårig satsing for å utvikle kommunane sitt  arbeid med å fremme helse og livskvalitet blant barn og unge frå 0 til 24 år.

Programmet skal særleg bidra til å integrere psykisk helse som del av det lokale folkehelsearbeidet og fremme lokalt rusførebyggande arbeid. Hordaland fylkeskommune har ei regional samordnarrolle for programmet.

Staten ved Helsedirektoratet har løyvd totalt 36 millionar kroner til Hordaland fylkeskommune over ein periode på seks år. Midlane skal utbetalast til utvikling av tiltak i kommunane, og til å støtte forsking og utdanningsmiljøa (FoU) slik at dei kan bistå kommuane i arbeidet.

I tillegg arbeider Hordaland fylkeskommune med det nystarta læringsnettverket for folkehelsearbeid i kommunane som er ein felles arena for kompetanseheving og erfaringsdeling.

På denne sida kan du følgje arbeidet til programmet.