Program for folkehelsearbeid i kommunane - Tilskotsordninga 2018 - 2023

Prosjektet «Saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge» er ein del av det nasjonale programmet for folkehelsearbeid i kommunane. Alle kommunar i Hordaland kan søkje tilskot.

Merknad 

Utlysinga gjelder for år 2018. Utlysing med søknadsfrist for år 2019 kjem.

Midlane skal utbetalast til utvikling av tiltak i kommunane. Det er også etablert samarbeid med fem kunnskaps- og forskingsmiljø (FOU-miljø). Dei skal saman med kommunane legge til rette for evaluering av tiltaka.

Kven kan søkje

Alle kommunar i Hordaland kan søke. Ingen andre aktørar har høve til å søkje. Frivillige lag og organisasjonar kan få midlar til samarbeid om utvikling av lokale tiltak, med føresetnad av at søkjarkommunen dei høyrer heime i står som tiltakseigar.

Om tilskotsordninga

I Hordaland er det tenkt to søknadsopptak i tilskotsordninga. Pulje 1 er tenkt for åra 2018-2021 og pulje 2 for åra 2020-2023. Det kan søkjast om, og løyvast midlar for éin periode. Dette med atterhald om at tilskotsordninga vert vidareført gjennom årlege budsjettvedtak over statsbudsjettet.

Målet med tilskotsordninga er å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet, og bidra til:

  • utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verkty for å fremje barn og unge sin livskvalitet og psykiske helse og bidra til rusførebyggjande arbeid i kommunane.
  • å integrere barn og unge si psykiske helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.
  • fremje samarbeid mellom kommunar, FoU-miljø, frivilligheit og ulike samarbeidsaktørar i kommunane.

Det er utvikla mål for arbeidet i Hordaland som støttar opp under dei nasjonale måla. Sjå søknad frå Hordaland fylkeskommune til Helsedirektoratet.

For 2018 er det eit mål om opptak av inntil seks kommunar eller samarbeidsprosjekt mellom kommunar. Neste opptak vil sannsynlegvis bli i 2019 med mål om å starte arbeidet frå 2020. Det er ikkje eit mål at alle kommunane i fylket skal inn i tilskotsordninga. Samarbeid mellom kommunar vil kunne auke deltakinga i tilskotsorninga og bidra til større prosjekt. Dette er også er eit nasjonalt mål. For kommunar som ikkje deltek, vil det nystarta læringsnettverket for folkehelsearbeid i kommunane være ein felles arena for kompetanseheving og erfaringsdeling.

Krav til søknaden

Det er utvikla søknadsskjema for opptak i tilskotsordninga. Vi ber om at alle søkjarar nyttar dette skjemaet. Søknadsskjemaet dekker vilkåra som er satt i søknaden til Hordaland om opptak i Program for folkehelse.

Kommunen kan også legge ved førebels prosjektplan.

Søknaden må innehalde følgande

  • Utfylt søknadsskjema.
  • Førebels budsjett og søknadssum.
  • Kort skisse til framdriftsplan.
  • Bekreftelse på politisk forankring (kan ettersendast).

Søknad skal sendast elektronisk til hfk@hfk.no. Søknaden skal merkast Program for folkehelsearbeid 2018.

Send kopi til: andreas.ask@hfk.no

Søknadssum og søknadsfrist

Søknadssum

Det er ikkje sett fast søknadssum årleg per kommune/tiltak. Det er tenkt at tildelingssum vil variere knytt til prosjektstorleik, samarbeidspartnar og type tiltak som skal prøvast ut. Vi ber om at kommunen skisserer eit førebels budsjett ved innsending av søknaden. For kommunar som vert tekne opp i 2018 vert det ei mindre tildeling til utvikling av prosjektplan/tiltaksutvikling for hausten 2018.

For kommunar som vert tekne inn i programmet, er det sett ny frist for å sende inn endeleg prosjektplan til Hordaland fylkeskommune med tiltak, framdriftsplan og budsjett. Fristen er 1. desember 2018. Endeleg tildeling av midlar vil skje i desember 2018.

Søknadsfrist

Frist for å søkje opptak i første runde (2018) er 30. juni 2018.

Behandling av søknaden

Søknadane vil bli behandla samla etter søknadsfristen. Det er planlagt møte i Samarbeidsorganet for folkehelsearbeidet i Hordaland den 22. august. Råda frå samarbeidsorganet skal vere grunnlaget for val av kommunar og tiltak. Prioriteringane vil basere seg på ei samla heilskapleg vurdering. Alle får skriftleg svar når søknaden er behandla. Innan 1. september 2018 skal samarbeidsavtalar mellom dei kommunane som vert teke inn i ordninga og fylkeskommunen sendast til Helsedirektoratet.

Klage/innsyn i dokumenta

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan påklage vedtaket innan ein frist på tre - 3 - veker. Fristen vert rekna frå den dagen de mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Klagen skal sendast til Regionalavdelinga, Postboks 7900, 5020 Bergen. Klagen må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, og dei grunnar som klagen støttar seg til.

Vi gjer merksam på at de etter Forvaltningslova har rett til å gjere dykk kjende med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av §§ 18 og 19.

Rapportering og kontroll

Krav knytt til rekneskapsrapportering og revisorkontroll, samt rapporteringsfristar vil gå fram av tilsegnsbrev frå Hordaland fylkeskommune til kommunane som vert tekne opp i tilskotsordninga. Under dette er også kontroll frå mellom anna Riksrevisjonen knytt opp mot stortinget sitt løyvereglement § 10.

Kva skal midlane nyttast til?

Kommunen(ar) kan søkje midlar til økonomisk og fagleg støtte til kunnskapsbasert tiltaksutvikling. Tiltaka skal bidra med noko nytt, og kan vere noko kommunen ser behov for å endre eller styrke. Dei kan utvikle noko eige eller prøve ut noko som er utvikla ein annan stad. Tiltaka skal ikkje tidlegare ha vore forskingsmessig evaluert i eigen kommune. All tiltaksutvikling skal evaluerast.

Tiltaka skal utvikast innanfor fire temaområder sett for arbeidet i Hordaland, i tråd med Regionalplan for folkehelse 2014-2024: Nærmiljø og lokalsamfunn, Arbeid, Oppvekst og læring, og Aktivitet og deltaking. Tiltaka skal rettast inn mot arenaer der barn og unge naturleg oppheld seg. Det er eit krav at tiltaka er befolkningsretta og tek utgangspunkt i lokale behov i kommunane.

Søkjer fleire kommunar seg inn i programmet med liknande prosjektbeskrivelsar, kan Hordaland fylkeskommune ta initiativ til utvikling av prosjektsamarbeid.

For meir opplysningar sjå

Prosjektplan for Hordaland skal oppdaterast i tråd med nye frister og søknadssum.

Det kan ikkje gjevast tilskot til:

  • Finansiering av eksisterande tilbod eller stillingar for målgruppa i kommunane
  • Behandlingstiltak og individuelle tiltak
  • Evaluering (effekt) av tiltaka som skal utviklast (datainnsamling, analyse, rapportering)

Merk! Nye fristar for utvikling av tiltak

Søknaden skal vise kva kommunen har tenkt om moglege målgrupper, arenaer og tiltak midlane skal nyttast til. Det er viktig å få oversikt over kva som er tenkt om fagleg innretting og lokalt kunnskapsgrunnlag, forankring og organisering av arbeidet, medverknadsarbeid, samarbeid med frivillig sektor, samarbeid med FoU-miljø om evaluering av tiltak, i tillegg til førebels budsjett og skisse til framdriftsplan.

I trinn to av arbeidet skal kommunane vidareutvikle prosjektet. Innan 31. desember 2018 skal Helsedirektoratet ha oversikt over endelege tiltak. Sjå meir opplysingar under punkt søknadssum.

Profilbilde av Else-Marie Brobakke Aarø
Else-Marie Brobakke Aarø
92479790