Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018

Er du ein av dei 70 000 som har fått SMS eller e-post om folkehelseundersøkinga, og lurer på noko? Her finn du spørsmål, svar og kontaktinformasjon.

Spørreskjemaet kan besvarast frå smarttelefon, nettbrett eller PC. Du kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk. Alle svar er sjølvsagt anonyme.

Les meir i nyheitsartikkelen "Den største folkehelseundersøkinga nokon gong"

Korleis er deltakarane valde ut?

Deltakarane er trekte ut tilfeldig frå Folkeregisteret. Vi har nytta epostadressen og telefonnummeret som er registrert i kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og som resten av det offentlege nyttar når dei kontaktar deg.

Dette er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet der føremålet er å skape betre lokalsamfunn og å leggje til rette for fleire gode leveår for alle. Vi er ikkje ute etter å selje, eller annan gevinst enn eit betre samfunn. 

Undersøkinga blir annonsert på Facebook, men det er ingen kobling mellom annonseringa der og kven som er trekt til å vere med i undersøkinga. Annonseringa på Facebook er retta mot alle som bur i Hordaland og er over 18 år.

Kva blir det spurt om i spørreskjemaet?

Spørsmåla handlar om helse, trivsel og andre forhold som betyr noko for folkehelsa. Spørreskjemaet tar utgangspunkt i Folkehelselova som seier at følgjande tema skal inngå i oversiktsarbeidet i kommunane:

  • Oppvekst- og levekårsforhold: blant anna økonomiske vilkår og forhold som gjeld bustad, arbeid og utdanning
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø: blant anna nærmiljø, sosial støtte og støyplager
  • Skader og ulykker
  • Helserelatert åtferd: fysisk aktivitet, ernæring, bruk av tobakk og rusmiddel
  • Helsetilstand: eigenopplevd helse, tannhelse, sjukdom og psykiske plager

Blir svara mine behandla anonymt? Kva skjer med opplysningane?

Opplysningane som du gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.

Alle opplysningane vil bli behandla utan navn og fødselsnummer eller andre direkte gjenkjennande data.

Undersøkinga er godkjend av Datatilsynet og all forsking vil følgje reglane i helseforskingslova, og blir utført av Folkehelseinstituttet eller andre forskingsinstitusjonar som er godkjende av regionale forskingsetiske komitear.

Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forsking som blir publiserte frå undersøkinga. Resultata vil berre bli publiserte på gruppenivå og aldri på individnivå.

Opplysningane vil bli oppbevart opptil ti år etter avslutta innsamling. 

Fylkeskommunen / bustadkommunen vil berre få utlevert anonyme datafilar for vidare analysar.  

Det kan bli aktuelt for Folkehelseinstituttet å hente inn opplysningar også frå andre kjelder, slik som opplysningar om hushald, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse. Slike data vil då bli henta frå registre i Statistisk sentralbyrå. Føremålet er kvalitetskontroll og framstilling av gode analysar.

Fylkeskommunen kan også bruke resultata til forsking, som for eksempel å studere kva innverknad inntekt, utdanning eller andre sosiale påverknadsfaktorar har å seie for helseforholda i fylket.

Eg lurar på.....

1. Eg får ikkje opna lenkja. Kva gjer eg?

Det kan hende at du har eit godt "spamfilter" på datamaskinen din og at den ikkje tillet at du opnar lenkjer direkte frå e-post. Prøv å kopiere lenkja og lim direkte inn i søkjefeltet på nettlesaren din.

Du kan og forsøke å opne lenkja i ein annan nettlesar.

2. Eg har fått sms med melding om å sjekke e-post, men det er ingen e-post korkje i innboks eller søppelboks. Kva gjer eg?

Har du andre e-postadresser eller ein e-postadresse knytt til ein gammal jobb som du kan ha brukt som kontaktinfo med det offentlege? Dersom det ikkje er tilfelle hjelper vi deg med ei ny lenkje. Sjå kontaktinfo i den blå boksen.
 
3. Eg får ikkje opp spørreskjema på nynorsk eller engelsk. Kva gjer eg?

Her er det to svar, avhengig av korleis du vart invitert til å delta:

a) Viss du har logga deg inn via helsenorge.no:
Når du kjem inn i spørreskjemaet er det automatisk innstilt på bokmål. Heilt øvst i spørjeskjemaet er det to lenker der du kan velje å bytte språk. Kva som står som valmoglegheit avheng av kva for språk som er valt. Trykk på den målforma/ det språket du ønskjer. Her kan du bytte språk undervegs utan at det gjer noko for undersøkinga.

b) Viss du har fått invitasjon frå Folkehelseinstituttet via epost:
I eposten ligg det tre lenkjer: ein til undersøkinga på bokmål, ein på nynorsk og ein på engelsk. Det er her du vel målform/ språk. Du kan ikkje endre språk undervegs.

4. Kan eg mellomlagre, eller må eg svare på heile spørjeskjemaet med ein gong?

Her er det to svar, avhengig av korleis du vart invitert til å delta:

a) Viss du har logga deg inn via helsenorge.no:
Det er ikkje mogleg å mellomlagre undervegs. Viss du likevel treng å ta ein pause i utfyllinga kan du trykke på knappen "fortsett senere". Då avsluttar du spørreskjemaet, men svara du har gitt til no blir lagra. Når du loggar deg inn neste gang, kan du fortsette der du slapp.

b) Viss du har fått invitasjon frå Folkehelseinstituttet via epost:
Her er ein mellomlagringsknapp - «Lagre og utsett» - nedst på kvar side i skjemaet. Denne kan det vere lurt å nytte innimellom, sidan svara ikkje blir mellomlagra automatisk.

5. Når eg skal skrive inn høgde og vekt er det tungvint å legge inn tal ved å flytte markøren cm for cm.

Du kan skrive alle tal direkte inn ved å markere cella og skrive inn riktig mål, det er ikkje naudsynt å bla seg fram. Dette gjeld alle spørsmål der du blir beden om å opplyse i tal (minuttar, timar, centimeter og kilo).

6. Eg skal hjelpe ein pårørande til å fylle ut skjema hos helsenorge, men finn ikkje knappen «Gå til skjema». Kva gjer eg?

Hos Helsenorge er det mogleg å gje pårørande eller verger tilgong til nettstaden. Men sidan spørjeskjemaet skal fyllast ut personleg, er det ikkje mogeleg å gjere dette når ein er logga inn på vegner av andre. Den som har fått invitasjon til å delta må sjølv logge inn på helsenorge.no. Deretter kan pårørande eller verge hjelpe til med utfylling, dersom det er ønskjeleg.

7. Eg har fått e-post (ikkje frå helsenorge), men reagerer på at eg ikkje skal identifisere meg med påloggingsinformasjon. Kvifor er det slik?

Datainnsamling og alt anna som vedgår undersøkinga er godkjend av Datatilsynet. Halvparten av dei inviterte får e-post frå helsenorge.no og der må du skrive inn kode og passord (t.d. bank-id eller min id.) før du går vidare. Den andre halvparten får e-post frå ei løysing knytt opp til Folkehelseinstituttet og TSD Nettskjemaløysinga frå Universitet i Oslo (UiO).

Denne løysinga er spesielt utvikla for sikker handtering av sensitive data. Alle svarsett blir lagra hos TSD til dei blir henta og overført kryptert. Dersom du vil lese meir om korleis sensitive data blir handtert i denne løysinga, kan du lese meir på nettsidene til UiO: https://www.uio.no/tjenester/it/applikasjoner/nettskjema/hjelp/opprette/nettskjema-og-sensitive-data.html

Samtykketekst

Før du svarer må du hake av i ditt spørreskjema at du godtek å delta. Samtykketeksten ser slik ut:

Kva skjer med opplysningane dine?

Vi ønsker flest mogleg gode leveår for alle i Hordaland og vil legge til rette for det ved å bruka svara frå denne spørreundersøkinga.

Føremålet med undersøkinga er å skaffe resultat som kommune og fylke kan bruke i folkehelsearbeidet. 

I tillegg vil dei innsamla opplysningane bli brukt til forsking som kan vere til nytte i folkehelsearbeidet. I samanheng med dette kan det vere aktuelt å hente inn opplysningar om hushald, landbakgrunn, sysselsetting, inntekt og helse frå registra i Statistisk Sentralbyrå. Dette er for å få best moglege analysar og for kvalitetskontroll. 

Opplysningane som du gir, blir lagra og behandla i samsvar med gjeldande reglar om personvern.  Alle opplysningane vil bli behandla utan namn og fødselsnummer eller andre opplysningar som kan føre til at du direkte blir kjent att. Undersøkinga er godkjent av Datatilsynet. All forsking vil følge reglane i helseforskingslova og vil bli utført av Folkehelseinstituttet eller andre forskingsinstitusjonar som er godkjente av regionale forskingsetiske komitéar. Det vil ikkje vere mogleg å kjenne att einskildpersonar i statistikk eller forskingsrapportar. Resultat vil berre bli publisert på gruppenivå og aldri på individnivå. 

Opplysningane vil bli lagra i opptil ti år etter avslutta innsamling. 

Fylkeskommunen/bustadkommunen vil berre få tilsendt anonyme datafilar for vidare analysar. 

Eg samtykker/godkjenner at dei opplysningane eg har gitt kan brukast i samsvar med dette.

 

Får kommunane i fylket eigen statistikk?

Det trengst minst 400 svarskjema for å lage påliteleg statistikk frå ei spørjeundersøking. For at små kommunar med færre enn 400 svarskjema likevel skal få statistikk, vil statistikarane slå saman fleire små kommunar til kommunegrupper, eller regionar. 

Ei anna årsak til at små kommunar kan få interkommunal statistikk, er behovet for anonymitet. I små kommunar aukar risikoen for at enkeltpersonar indirekte kan bli identifiserte når ein set opp tabellar over ulike spørsmål og svar. Ved mange nok svar er det ikkje lenger risiko for at nokon blir kjende att.

Spesialrådgjevar folkehelse
Profilbilde av Aina Haugstad
Aina Haugstad
97700413