Folkehelse

Regional plan for folkehelse 2014-2025

Fleire gode leveår for alle

Sjå planen (PDF)

Folkehelsearbeidet i fylket skal bidra til å skape eit samfunn som fremjar god helse for alle innbyggjarane, med særleg merksemd på barn og unge og utjamning av sosial ulikheit i helse.

Hordaland fylkeskommune skal vere ein støttespelar for kommunane sitt folkehelsearbeid. Vi bidreg med rådgjeving og økonomiske tilskot, og vi utarbeidar statistikkar og rapportar som dannar grunnlag for folkehelsearbeidet i regionen.

Fylkeskommunen  har også ei koordinerande rolle i folkehelsearbeidet, der vi koplar kommunar, stat, forskings- og utviklingsmiljø, frivillige og andre organisasjonar.

Tilskot og tenester

Her finn du verktøy og tenester til folkehelsearbeidet, og tilskot i samband med folkehelse du kan søkje på.

Temarapportar frå arbeidet med regional plan for folkehelse

Sjå rapportane

Eit godt døme

Godt samarbeid om folkehelseoversikt

– Vi kom i mål med folkehelseoversikta med god hjelp frå Hordaland fylkeskommune, seier folkehelsekoordinator Geir Ove Fosse i Kvinnherad kommune.

I arbeidet med å få oversikt over folkehelsetilstanden har ein har sett på alt frå folketalsutvikling og barnehagedekning til fråfall i vidaregande skule, kvalitet på drikkevatn og psykisk og somatisk helse.

– Folkehelseoversikta har gitt politikarane eit godt verkty for innsatsområda i tida framover, seier han.

– Dei har jobba kjempebra, seier Aina Haugstad i Hordaland fylkeskommune, som har bistått Kvinnhera gjennom heile prosessen.