Tilskot til sogelag/historielag og lokalhistorisk arbeid

Ordninga skal stimulere til og støtte opp om lokalhistoriske initiativ og lokalhistorisk aktivitet i fylket.

Kven kan søkje

Sogelag/historielag i Hordaland, evt. i samarbeid med andre.

Kva kan støttast

I 2018 opnar vi for å prioritere færre prosjekt med større beløp enn tidlegare år innanfor ei ramme på 20 000-30 000 kr. Vi vil fordele prosjektmidlar ut frå følgjande hovudkriteria:

Prosjekt som fremjar aktivitet i laget, som legg opp til samarbeid med andre lag eller etablerte arkiv-/bibliotek og museumsinstitusjonar, samt prosjekt som har overføringsverdi til desse. 

Støttenivå

Maks 30 000 kroner.

Krav til søknaden

I søknaden må ein gjere grundig reie for føremålet, arbeidsoppgåver, framdriftsplan, eventuelle samarbeidspartnarar og den må innehalde eit realistisk budsjett.

Retningsliner

Føremål
Ordninga skal stimulere til og støtte opp om lokalhistoriske initiativ og lokalhistorisk aktivitet i fylket.

Kven kan søkje
Sogelag/historielag i Hordaland, eventuelt i samarbeid med andre.

Kva kan støttast
Prosjekt som fremjar aktivitet i laget, som legg opp til samarbeid med andre lag eller etablerte arkiv-/bibliotek og museumsinstitusjonar, samt prosjekt som har overføringsverdi til desse. Ytterlegare moment ved vurdering av søknad/skjønsutøvinga, i uprioritert rekkefølgje:

Det er eit mål å fremje innsamling og registrering av dokumentasjonsmateriale i form av t.d. foto, arkiv, stadnamn og livsminne, samt stimulere til frivillig engasjement, mangfald og kvalitet.

Det vert ikkje gjeve tilskot til følgjande:
a) ordinær drift og løpande aktivitet
b) investeringar i bygg, anlegg og utstyr
c) reiseutgifter
d) utabeiding eller revisjon av lokal- og regionalhistoriske verk

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak

Søknaden skal innehalde prosjektomtale med skildring av tiltaket, mål og framdriftsplan for prosjektet, budsjett, søknadssum og eventuelle samarbeidspartar. Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale mv skal det gjerast tydeleg at Hordaland fylkeskommune er tilskotsgjevar. Dokumentasjon av dette skal leggjast ved rapport. Om ein har opne, publikumsretta arrangement er det ein føresetnad at tilskotsmottakar aksepterer og nyttar ordninga med følgjekort for funksjonshemma. Funksjonshemma som kjøper billett har då rett til gratis billett til sitt følgje. Forvaltingslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Hordaland fylkeskommune. Alle søknader er offentlege. Kultur- og idrettsavdelinga førebur søknadene for politisk handsaming og vedtak i Utval for kultur, idrett og regional utvikling. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som avvik frå fylkesrådmannen si innstilling skal også grunngjevast. Utvalet har møte ein gong i månaden.

Oppfølging, rapportering og kontroll

Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak
Tilsegnsmottakar skal rapportere status innan det aktuelle budsjettåret, men det kan søkast overføring til neste år. Endeleg rapport må innleverast etter prosjektet er avslutta.

Rapporten skal innehalde:
• Utgreiing av gjennomførte tiltak og eventuelle avvik frå planen for tiltaket
• Rekneskap m/oversikt over kostnader og finansiering
• Dokumentasjon i form av produksjonar, publisering, registreringslister eller liknande

Søkjar skal elles varsle fylkeskommunen dersom det oppstår vesentlege avvik frå prosjektplanen i prosjektperioden. Fylkeskommunen sin revisor skal ha rett til tilkomst til tiltaket og innsyn i rekneskap og dokumentasjon i slik grad som fylkeskommunen og revisor finn naudsynt av kontrollomsyn. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført skal midlane førast attende til fylkeskommunen. Dersom det ligg føre vesentlege avvik frå prosjektsøknaden, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende.

Klage

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Ein klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast, og sendast til Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen eller hfk@hfk.no merka Tilskot til sogelag/historielag.

Vi gjer merksam på at søkjarar etter Forvaltingslova har rett til å gjere seg kjend med dokumenta i saka med dei avgrensingane som følgjer av paragraf 18 og 19.