Opningstider:
Måndag - fredag kl. 9.00 - 15.45
Sommartid (15. mai - 14. sept.) kl. 9.00 - 15.00
Historiske arkiv, depot og lokal- / regionalhistorisk arbeid
Hordaland fylkesarkiv tek imot og oppbevarer eldre arkivsaker frå sentraladministrasjon og institusjonar i Hordaland fylkeskommune, og har ansvar for overordna, felles retningslinjer og rutinar for avlevering av arkivmateriale i heile fylkeskommunen.
Fylkesarkivet koordinerer arbeidet med privatarkiv i fylket og tek imot arkiv frå private arkivskaparar (ikkje-offentlege organisasjonar, bedrifter og privatpersonar).
Til no har fylkesarkivet teke imot om lag 4500 hyllemeter arkivsaker frå rundt 250 ulike avdelingar, institusjonar og organisasjonar. Fylkesarkivet gjev også råd om lokalhistorisk arbeid, bevaring av ikkje-offentleg arkivmateriale (privatarkiv), stadnamn og foto.
Moderne arkiv / dokumentsenter
Moderne arkiv/Dokumentsenter har ansvaret for arkivdanning og systemutvikling i fylkeskommunen og integrasjon mellom sak- og arkivsystemet og dei mange fagsystema i fylkeskommunen.
I arbeidet med dei moderne arkiva utviklar dokumentsentret rutinar og retningslinjer for arkivdanning, gjer opplæring i arkivsystem og arkivrutinar, rettleier i spørsmål knytt til informasjonsteknologi og arkiv i fylkeskommunen.
Dokumentsentret driv postmottaket, skannar og journalfører alle arkivverdige dokument. Dei publiserer også den offentlig journal og handsamar spørsmål knytt til innsyn og generell publikumshandtering.