Fotoverntenesta

Fotoverntenesta i Hordaland er oppretta som fylkesansvarleg fotoverninstitusjon og skal vere eit kompetansesenter for fotovern i fylket. Hovudmålet vårt er å bevara, sikra og gjere lett tilgjengeleg fylket sin fotografiske kulturarv.

Fotoverntenesta kan rettleie i:

  • Innsamling av fotografi
  • Registrering
  • Fysisk oppbevaring og digital lagring av fotografisk materiale
  • Analog og digital reprofotografering
  • Fotoverntenesta arrangerer:
  • Kurs
  • Foredrag; registrering, fotohistoriske emne, fotografiske teknikkar og handsaming av historiske foto

Kontakt:

 

Fotoverntenesta stimulerer til formidling av fylket sin fotografiske kulturarv gjennom internett, utstillingar og bøker.
Sjå fleire bilete her:
Fotografi frå Hordaland før og no