Tysk 3 / Tysk III

Tysk III som nettfag er eit ordinært programfag med krav til fagleg bakgrunn, timetal, pensum, standpunktvurdering og eksamen.

Tidspunkt for nettundervisning

  • Fellesundervisning: Tysdag kl. 16-18
  • Gruppeundervisning: Torsdag kl. 14-17

Undervisninga er obligatorisk for alle elevar.

Gruppeundervisninga varar i ein time. Dvs. du deltar torsdag anten kl. 14-15, kl. 15-16 eller kl. 16-17. Tidspunkt for gruppeundervisninga avtalar eleven med lærar ved oppstart.

Undervisning og gjennomføring av prøvar

Undervisninga blir gjennomført via Internett ved hjelp av It’s Learning, Adobe Connect (Virtuelt klasserom) og generelle skrive- og samarbeidsverktøy i Office 365 og Google (G Suite for Education).

Du får opplæring i bruk av digitale verktøy, må være aktive i timane og samarbeide med andre elevar. Heildagsprøvar og eksamen vert organisert og gjennomført på eigen skule eller på ein skule i nærleiken. Det vil bli nokre faglege og sosiale samlingar i tillegg til undervisning på nett.

Kven kan søke?

  • Elevar ved skular i Hordaland fylkeskommune på studiespesialiserande utdanningsprogram
  • Elevar på skular som ikkje tilbyr programfaget

Tilbodet er ikkje ope for privatistar.

Viktig!

  • Nettundervisning stiller høge krav til motivasjon og eigeninnsats
  • Det er oppmøteplikt i faget
  • Du må ha eigen datamaskin (PC eller Mac) og ha tilgang til Internett
Har du spørsmål om undervisninga ta kontakt med:
Profilbilde av Gerd Kjersti Ytre-Arne
Gerd Kjersti Ytre-Arne
Profilbilde av Svein Olav Norenes
Svein Olav Norenes