Vidaregåande opplæring

Les meir om inntaket 2019

Søknad og inntak 2019

Få gratis utdanning på ein av våre mange vidaregåande skular. Vi kan tilby 13 utdanningsprogram som kan resultere i studiekompetanse og/eller ei yrkesutdanning.

Vi tilbyr utdanning for både ungdom og vaksne, og vil du ha eit skuleår i utlandet er det også noko vi kan hjelpe deg med. 

Vil du bli lærling? Vi kjenner til lærebedriftene!

Vil du ta opp eit fag, eller fylle på vitnemålet? Bli privatist!

Praktisk informasjon

Har du spørsmål om søknad og inntak til vidaregåande opplæring? Lurer du på kva retningsliner som gjeld når du skal søke skuleplass eller kva skuletilbod vi har som er litt utanom det vanlege? Svar på dette og meir finn du ved å følgje lenkene under.

Skulebruksplanen for dei vidaregåande skulane i Hordaland trekkjer opp den langsiktige retninga for dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen.

Skulebruksplanen

Noko for ein kvar

Medium og kommunikasjon

Ønskjer du å jobbe innan journalistikk og informasjon, film- og videoproduksjon, animasjon, lyd- og lysproduksjon eller nettbasert medieproduksjon? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Her lærer du blant anna om mediehistorie og journalistikk, om å utforme bodskap, uttrykk og layout, og du får vidareutvikle den digitale kompetansen din. I tillegg får du studiekompetanse slik at du kan studere vidare ved høgskular/universitet.

I Søkjarhandboka finn du ut kva skular som har dette faget.

Spel deg gjennom vidaregåande

Programområdet for musikk er for deg som er god til å spele eit instrumentet. Her stiller ein krav til ferdigheitene dine i musikk, og opplæringa stiller store krav til kunstnariske evner, evne til å vere uthalden og øving. Langhaugen videregående skole tilbyr dette programområdet.

Les meir om Musikk, dans og drama på nettsida til skulen.