Bli lærling! Ta fag- eller sveinebrev

Alle kan bli lærling. Som lærling får du opplæring i eit fag samtidig som du er arbeidstakar i ei bedrift. Søk innan 1. mars.

Korleis søkjer du læreplass?

Er du elev på vidaregåande og ønsker læreplass må du søke i Vigo før 1.mars. Ein læreplass er ikkje noko du vert tildelt. Det er heller ingen garanti at du får læreplass gjennom å søke Vigo. Derfor må du sjølv være aktiv og oppsøkje moglege lærebedrifter.

  • Registrer ønskje om læreplass på Vigo
  • Dersom du ikkje er elev på vidaregåande må du søkje direkte til bedrifta
  • Send søknad og CV direkte til bedrifta
  • Sjølv om du har inngått avtale om læreplass, må du registrere ønskje i Vigo

Her finner du oversikt over godkjende lærebedrifter i Hordaland

Fakta

  • Ingen har rett til læreplass
  • Takker du nei til læreplass vil du ikkje få anna tilbod frå fylkeskommunen
  • Har du søkt skuleplass (t.d. påbygg) på lågare ønskje enn læreplass, får tilbod og takkar nei, vil du ikkje få anna tilbod frå fylkeskommunen, som t.d. alternativ Vg3-opplæring i skule
  • Kvalifiserte søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om læreplass eller skuleplass, kan verte gitt tilbod om alternativ Vg3-opplæring i skule i eige eller anna fylke
  • Alle som har bestått fag- eller sveinebrev har rett til eitt år påbygg til generell studiekompetanse ut det året dei fyller 24

Kven kan bli lærling?

Du kan bli lærling uansett kor gammal du er og når som helst på året. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei bedrift.

Lærekontrakt

For å bli lærling må du teikne ein lærekontrakt med ei godkjend lærebedrift. Lærekontrakten må godkjennast av fagopplæringskontoret. Bedrifta har ansvar for å innhente denne godkjenninga.

Fag- og sveineprøve

Når læretida er over går du opp til ein fag- eller sveineprøve. Dette markerer avsluttinga på utdanningsløpet som etter hovudmodellen er to år i skule og to år i lære. Står du på fag- eller sveineprøven får du yrkeskompetanse i faget ditt. Fag- og sveinebrevet er beviset på at du har denne kompetansen.

Vegen til læreplass

  1. Vær tidleg ute. Start jakta på læreplassen allereie i januar eller februar

  2. Bruk utplassering i yrkesfagleg fordjupning (YFF) til å både finne potensielle lærebedrifter og for å få referansar

  3. Ta ansvar og vis interesse. Det er ein fordel om du kontaktar bedriftene direkte

  4. Bank på mange dører, og ikkje vær redd for å få et nei

  5. Det er viktig at du får vist deg frå di beste side. Jobb godt med CV, søknad og førebu deg til intervju

  6. Kjenn deg sjølv og dine positive eigenskapar

  7. Mange bedrifter utlyser ledige læreplasser på heimesida si, eller på finn og nav sine heimesider. Sjekk nettsidene kvar veke fram til du har sikra deg læreplass

  8. Oversikt over godkjente lærebedrifter finn du på vilbli, her finn du også kontaktinformasjon til opplæringskontor som kan hjelpe deg

  9. Dersom du ikkje finn deg læreplass på eiga hand bør du be om hjelp. Kontakt fagopplæringskontoret i fylkeskommunen enten pr. telefon eller via facebook, eller spør rådgjevar på skulen

Sjå fleire gode råd og tips for korleis ein skaffar seg læreplass i heftet "Vegen til læreplass"

Viktige datoar

1. mars er søknadsfrist for å søkje læreplass gjennom Vigo

Ca. 20. juni vert alle søkjarar som ikkje har ungdomsrett og som ikkje har fått læreplass tekne ut av formidlinga

Ca. 1. august mottar alle søkjarar som ikkje har fått læreplass og ikkje er kvalifisert ein invitasjon til undervisning for å ta manglande fag på nytt. Dei som har meir enn 2 stryk, IV i fellesfag, stryk i programfag eller stryk i tverrfagleg eksamen vert rekna som ikkje kvalifisert.

15. august tek Hordaland fylkeskommune kontakt med alle kvalifiserte søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått læreplass. Det er då særs viktig at du svarar oss dersom du fortsatt ønskjer læreplass. Dersom du ikkje svarar, får du ikkje anna tilbod.

Rettar og pliktar

Som lærling pliktar du å ta imot rettleiing og informasjon frå lærebedrifta. Ein lærling er under opplæring samtidig som han er arbeidstakar. Både opplæringslova og arbeidsmiljøloven inneheld dermed rettar som gjeld for deg.

Løn, lån og stipend

Løn under utdanning skal avtalast med lærebedrifta. Som lærling kan du søke om stipend og lån i Lånekassen.

Rabatt på reiser

I Hordaland får lærlingar og lærekandidatar studentrabatt på kollektivtransport. Du må dokumentere at du har godkjend lærekontrakt.

Påbygg til generell studiekompetanse

Alle som har fullført yrkesfagleg utdanning har rett til å ta påbygg for studiekompetanse innan året dei fyller 24 år.

Ta deler av læretida i Europa

Som lærling i Hordaland kan du ta delar av læretida i eit anna europeisk land.

Her kan du lese meir om læretid i Europa

Profilbilde av Kontakt fagopplæringskontoret
Kontakt fagopplæringskontoret
55 23 99 00