Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering med toppidrett

Studiespesialisering med toppidrett er et tilbud for deg som ønsker å satse for fullt på idretten din samtidig som du tar utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjoner på internasjonalt nivå. Du søker for ett år om gangen, og søknaden blir vurdert av Olympiatoppen Vest-Norge i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Eit samarbeid med Olympiatoppen Vest-Norge og Hordaland fylkeskommune.

Elevane som følgjer dette opplegget ved Tertnes vidaregåande skule, vil få studiespesialiserande utdanningsprogram over tre år.

Toppidrettslinja for sommaridrettane inngår som ein del av studiespesialiserande utdanningsprogram på skulen vår. Du kan velje mellom programområde for Realfag eller Språk, samfunnsfag og økonomi.

Kvalitetssikra trening

Tilbodet passar for elevar som ønskjer å satse for fullt på idretten sin og bli best. Elevane vil få trene mellom 10 og 12 timar i veka.  I tillegg vil det vere både veke-, dag- og temasamlingar og trening med klubben om ettermiddagen. Trenarane på linja er valt av Olympiatoppen Vest-Norge som også har det idrettsfaglege ansvaret. Trening, trenarar og utøvarar blir kvalitetssikra gjennom Olympiatoppen Vest-Norge og dei enkelte særkretsane.

Les meir om toppidrettslinjen Olympiatoppen si nettside

Målsetjing for toppidrettslinja er å:

  • legge best mogleg grunnlag for å oppnå  internasjonale prestasjonar.
  • sikre dagens og framtidas toppidrettsutøvarar moglegheita til å kunne kombinere toppidrettsutvikling med utdanning.
  • skape eit unikt læringsmiljø for elevar og lærarar.
  • la dei mest talentfulle idrettsutøvarane våre vere ein del av den offentlege skulen.
  • bidra til å få fram utøvarar til eit høgt nivå innanfor ei trygg ramme forankra i kjende omgjevnader.

Krav

Du må vere ein av de beste innan idretten din i din årsklasse og ha gode faglege resultat.

Ta kontakt med inntakskontoret for meir informasjon

Fag og timetall

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Norsk 4 4 6
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Engelsk 5 0 0
2. Fremmedspråk 4 4 0
Religion/etikk 0 0 3
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Historie 0 2 4
Trening 7 7 7
Toppidrett programfag 5 5 5
Andre programfag utenom toppidrett 0 10 10
Sum timetal per uke 40 35 35

Første året

Toppidrett_1.jpg

På første året i toppidrett vil du ha 12 timar med trening fordelt på 45 minutters økter. Timeplanen vil elles vere identisk med den som ein har på studiespesialisering som inkluderer faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag, geografi, samfunnsfag, og framandspråk (tysk I, tysk II, fransk II, spansk II eller italiensk I+II).  

  • Framandspråk: Det er vanleg å fortsette med det framandspråket ein hadde på ungdomsskulen. Italiensk I er i utgangspunktet eit tilbod til elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i tre år. Men du kan også velje italiensk sjølv om du hadde eit anna framandspråk på ungdomsskulen. Du skal då ha italiensk i to år. Dei som fortset med språket dei hadde på ungdomsskulen skal ha dette over to år.
  • Matematikk: Du må velje anten 1P (praktisk) eller 1T (teoretisk). Valet skjer i samråd med faglærar etter ein kartleggingstest. 1P er minimumskravet. Du vil då fortsette med 2P på Vg2. 1T er eit naturleg val for deg som ønskjer å velje matematikk programfag på Vg2.

Læreplanar for faga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Andre året

Toppidrett_2.jpg

Andre året vil du ha 12 timer med trening fordelt på 45 minutters økter. Det er likevel mogleg å velje full fordjuping i programfag anten i programområda for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi. Når ein skal rekne minimum timetal, vil toppidrett telle som eitt programfag (sjå timetal oversikten).

For å få betre oversikt over kva du kan velje, kan du laste ned blokkskjema. Du kan berre velje eitt fag frå kvar blokk. Toppidrett som programfag ligg i blokk 4. Du kan difor ikkje velje fag i denne blokken.

Blokkskjema Vg2

Læreplanar for faga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Tredje året

Toppidrett3.JPG

Tredje året vil du ha 12 timer med trening fordelt på 45 minutters økter. Det er likevel mogleg å velje full fordjuping i programfag anten i programområda for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi. Når ein skal rekne minimum timetal, vil toppidrett telle som eitt programfag (sjå timetal oversikten).

For å få betre oversikt over kva du kan velje, last ned blokkskjema. Du kan berre velje eitt fag frå kvar blokk. Toppidrett som programfag ligg i blokk 4. Du kan difor ikkje velje fag i denne blokka.

Blokkskjema Vg3

Læreplanar for faga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider.