Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Åsane realskole

Toårig skule utan eksamensrett

Våren 1953 innvilga Kirke- og undervisningsdepartementet Åsane kommunes søknad om å få opprette toårig realskule. Før den første klassen kom i gong, hadde imidlertid fleire Åsane-elevar søkt seg til skular i Bergen, og difor fekk elevar i Hamre kommune tilbod om plass. Ikkje alle elevar kom direkte frå 7.klasse i folkeskulen; fleire hadde gått framhaldsskulen først. Johannes Heggøy blei klassestyrar og var fungerande rektor 1953/54. Klassen holdt til i Eidsvåg skules nybygg, Åsane sin mest moderne skule den gangen, og klasserommet låg vegg i vegg med vaktmeisterleilegheita i etasjen over gymnastikksalen.
Realskulen hadde ikkje eksamensrett, så elevane måtte avlegge eksamen i alle fag, også i ferdigheitsfag som gymnastikk og sløyd/handarbeid. Nokre eksamenar blei tatt allereie første året, så sjølv for ein klasse med godt motiverte elevar, var det eit hardt arbeidspress, siden det berre var eksamenskarakterane som kom på vitnemålet.

Overgang til treårig skule


Hausten 1954 blei første kull i treårig realskule tatt opp. Dette året kom alle elevar frå Åsane kommune. Lektor Kolbjørn Eide blei tilsett som rektor. I skuleåret 1954/1955 la realskulen beslag på begge dei to klasseromma over gymnastikksalen, og det blei eit lite skulemiljø i 3.etasje. Undervisning i fag som sløyd, handarbeid, naturfag og gymnastikk fant stad i folkeskulen sitt moderne og velutstyrte spesialrom.
Frikvartera blei tilbragt på idrettsplassen Myrane, som låg like nedanfor skulen. Her utfolda elevane stor sportsleg aktivitet; gutane spelte fotball på langs og jentene handball på tvers av banen, med enkelte kjærkomne kollisjonar i "kampens hete", heilt til ordenseleven ringte med ei bjelle for å gjere det kjent at neste time var begynt.

Brakkeliv


Omfattande bustadbygging samt etterkrigstida sitt store fødselskull gjorde Eidsvåg til ei skulekrets i sterk vekst. Frå hausten 1955 måtte dei to realskuleklassane flytte over til ei oppussa tyskerbrakke i utkanten av skuleområdet. Framleis fekk realskulen bruke folkeskulen sitt spesialrom, men no fekk realskulelærarane sitt eige knøttlille lærarrom i brakka, der dei kunne trekke seg tilbake i frikvartera. Der var skulen sin radio, som ein kunne ta med til eit klasserom når viktige sportshendingar fant stad i skuletida, og der blei også skulen sin nye stoltheit og tekniske vidunder, ein Tandberg bandopptakar, oppbevart.

Eksamensrett


Allereie i 1956 fikk skulen eksamensrett