Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Åsane gymnas

Åsane gymnas

I 1964 blei Åsane gymnas oppretta. Åsane gymnas begynte med to klassar, ei reallinje og ei engelsklinje, på Eidvåg skule. Kolbjørn Eide var rektor, og lærarane var Nils Agnar Eldholm, Marie Fossen, Finn Steinar Andersen (seinare rektor på Marikollen skule), Norvald Lønøy (seinare rektor på Åsane gymnas), Eyolf Larsen og Leif Arild Natås.

 

Rektor Kolbjørn E. Eide (1964 - 1969)

Rektor Kolbjørn E. Eide (1964 - 1969)

Gymnaset delte lokaler med Åsane realskule i Eidsvåg. Dette førte til ei rekke administrative og praktiske utfordringar. For å få plass til alle elevane, måtte undervisninga delast i to. Realskulelevane fekk undervisning om formiddagen, og gymnaselevane om ettermiddagen, også om lørdagen! Dette var ordninga i to år. Så blei Åstveit ungdomsskules nybygg ferdig og Åsane gymnas leigde lokaler her inntil Åsane gymnas flytta inn i nytt bygg i 1972.

Rektor Arne Wiik (1969 - 1983)

Rektor Arne Wiik (1969 - 1983)

Rektor Norvald Lønøy (1983 - 1991)

Rektor Norvald Lønøy (1983 - 1991)