Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lånekassen

Informasjon frå lånekassen

Under 18 år? No kan føresette signere for stipendet ditt digitalt

Er du under 18 år og får stipend frå Lånekassen, må éin av dine føresette signere for deg. No kan dei få svar på søknaden din digitalt og signere for deg elektronisk med ein gong.
Viss dine føresette har ein digital postkasse, får dei raskare ein digital kopi av svaret på søknaden din, og kan signere for deg med ein gong.
Føresette kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks):

 

Digital postkasse

For å opprette postkassen må dei ha ein elektronisk ID, for eksempel BankID.
Elevar må signere for lån.
Elevar som får lån, må sjølv signere avtalen om støtte. Avtalen vil alltid komme på papir i posten, og den må ha underskrift av både deg og ein føresett viss du er under 18 år.
Vent med å søke om stipend
Elevar i vidaregåande kan søke om stipend frå Lånekassen for neste skuleår når dei har fått ein skuleplass, og tidlegast i juni 2018.

Les mer om digital postkasse og signering for elever under 18

Stipend frå Lånekassen

Er du elev i vidaregåande skule og har ungdomsrett, får du utstyrsstipend frå Lånekassen uansett kor mykje dine føresette tener. Hugs at du må søke for å få det. Når du søker, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når du har fått skuleplass, søker du om stipend på lanekassen.no. Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend. 

Les meir om stipend og lån på

Lånekassen