Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er en yrkesfaglig utdanning. På Vg2 kan du velge mellom mange programområder. Etter 2 år på skole er det vanlig å søke læreplass for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretiden.

Du bør velje TIP på Slåtthaug fordi

  • TIP er ein god plattform for både høgare utdanning og fagbrev
  • med denne utdanninga kan du velje mange spennande retningar vidare hos oss
  • vi har vidare tilbod om køyretøy, industriteknologi, datastyrte maskinar, lakk og karosseri, og sveis.

På vilbli.no kan du lese meir om dei moglegheitene som opnar seg innanfor kvart av desse faga.

Søk skoleplass

Vi tilbyr

  • utprøving av alle fagområda allereie på Vg1 i faget Prosjekt til fordjuping.
  • ein triveleg skole med moderne maskinpark som ligg nær til det du vil møte i arbeidslivet.
Meir om faget på vilbli.no

Fag og timetall

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 BLK Timetal Vg2 PIN Timetal Vg2 KJT
Dokumentasjon og kvalitet 5 5 5 5
Karosseri- og lakkteknikk 0 12 0 0
Produksjon 7 0 7 0
Reparasjon og vedlikehald 0 0 5 0
Tekniske tenester 5 0 0 0
Verkstadarbeid 0 0 0 12
Yrkesfagleg fordjuping 6 9 9 9
Engelsk 3 2 2 2
Kroppsøving 2 2 2 2
Matematikk 3 0 0 0
Naturfag 2 0 0 0
Norsk 2 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 3 3
Sum timetal per uke 35 35 35 35

Første året

Vg1_Tip.jpg

Vg 1 Teknikk og industriell produksjon

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan teknisk industri, skipsindustri, tekoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen.

Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka, der det å arbeide etter prosedyrar og teikningar og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

Andre året

Bilskade, lakk og karosseri

Vg2 Bilskade, lakk og karosseri

Vi held til i trivelege og nyoppussa lokale. Verkstaden er velutstyrt med lakkboks, jigger og løftebukkar mm. Skoleåret gir grunnutdanninga i Bilskade, lakk og karosserimakerfaget. Du får den teoretiske delen av fagprøva for desse tre bilfaga frå Læreplanmåla på Vg3.

Det blir ein eller fleire utplasseringsperiodar på eit karosseri, lakk eller påbyggar-verkstad.

Skolen har tett samarbeid med verkstader i heile fylket. Det blir lagt stor vekt på praktisk arbeid og praktiske ferdigheiter under denne utdanninga.

Vg1_pin 2.jpg

Vg2 Industriteknologi

Skolen har nyoppussa lokale og oppdaterte utstyr.  Industriteknologi gir deg moglegheit til å velje 23 moglege yrkesfag etter Vg2.

Opplæringa vil gi deg gi deg brei kompetanse, som gjer deg godt rusta på vegen mot fagbrev.

Utvikling av fagleg innsikt, praktiske ferdigheiter, nøyaktigheit og ordens- og sikkerheitsforståing står sentralt i faget.

Vg2_kjøretøy

Vg2 Kjøretøy

Vi tilbyr opplæring i moderne og godt utrusta verkstader. 

Skolen vår har god kontakt med bedrifter. Vi legg til rette for  at elevane kan bli utplassert i to 14-dagars periodar. Dette gir deg gode moglegheiter til å knytte kontaktar, som kan resultere i læreplass. Kurset omfattar motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, fjæring og hjulutrustning, karosseri, ramme og plastutrustning, bransjelære og kundebehandling.

Etter Vg2 kan du spesialisere deg mot lette køyretøy, tunge køyretøy, motormekanikerfaget, motorsykkelfaget og reservedelsfaget.

Vegen vidare

Etter Vg2  kan du bli lærling (2 år) i mange ulike yrke. Vg2 Bilskade, lakk og karosseri  har 3 yrkesval etter du er ferdig. Er du ferdig med Vg2 Industriteknologi har du moglegheit til å velje mellom 23 moglege yrke, og etter Vg2 Kjøretøy kan du velje mellom 6 ulike yrke.  Les meir om Tip på vilbli.no

Du kan eventuelt søke deg inn på Påbygging til generell studiekompetanse.

Etter fag-/sveinebrev er du kvalifisert til å søke Påbygging til generell studiekompetanse, teknisk fagskole eller høgskole gjennom Y-vegen.

Bli lærling Påbygging til generell studiekompetanse

Tilsette på Teknikk og industriell produksjon

Avdelingsleiar
Profilbilde av Terje K Rasmussen

Terje K Rasmussen

Send e-post 55140416
Kontaktlærar 1TPA
Profilbilde av Lasse Steinegger

Lasse Steinegger

Send e-post
Kontaktlærar 1TPB
Profilbilde av Øystein Oen

Øystein Oen

Send e-post
Kontaktlærar 1TPC
Profilbilde av Hans Gudmund Knarvik

Hans Gudmund Knarvik

Send e-post 55140453
Faglærar
Profilbilde av Harald Kvamsdal

Harald Kvamsdal

Send e-post
Faglærar
Profilbilde av Torbjørn Fitje

Torbjørn Fitje

Send e-post
Kontaktlærar 2TPBLKA
Profilbilde av Thor Aakre

Thor Aakre

Send e-post
Kontaktlærar 2TPKJTB
Profilbilde av Jan Erik Kronheim

Jan Erik Kronheim

Send e-post
Kontaktlærar 2TPKJTA
Profilbilde av Børge Eeg

Børge Eeg

Send e-post
Kontaktlærar 2TPPINA
Profilbilde av Morten Engelsen

Morten Engelsen

Send e-post