Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Office 365 - språkpakker - Windows

Følg instruksane under for å installere fleire språkpakkar.

1. Logg på Office 365

Pålogging til Office 365

2. Klikk på tannhjulet øvst til høgre og vel "Office 365 settings"

Trinn 1 - språkpakker for Office

3. Klikk "install and manage software"

a2.jpg

4. Vel ønskt språk, og klikk "install"

a3.jpg

 

Finn du ikkje språket du ønskjer i lista over?

Då må du følgje rettleiinga under. Komplette språkpakkar som ikkje er tilgjengeleg direkte frå Office 365 må ein kjøpe, men ein kan installere korrekturverktøy og hjelpetekst på dei fleste språk gratis. Dette er ein manuell prosess.

1. Start Word og klikk "Fil"

1.jpg

2. Klikk "Alternativer"

2.jpg

3. Klikk "språk"

3.jpg

4. Du får no opp følgjande skjermbilde som viser ei oversikt over kva språk du har installert. For å legge til fleire språk må du opne rullegardinmenyen ved "legg til flere redigeringsspråk".

4.jpg

5. Vel språket du ønskjer å legge til og klikk "legg til"

5.jpg

6. Språket du har valt dukkar no opp i lista over redigeringsspråk, men det er ennå ikkje installert og det er heller ikkje aktivert. Klikk "ikke aktivert" for å aktivere språket.

6.jpg

7. No får du opp følgjande skjermbilde. Her ser du kva tastaturoppsett du har tilgjengeleg på maskina di. Klikk "legg til" for å legge til eit nytt språk.

7.jpg

8. Finn språket du ønskjer frå lista, hak av for ønskt tastaturoppsett (mange språk har fleire tilgjengelege oppsett, så vel det/dei du trenger) og klikk "OK"

9.jpg

9. Språket du valte kjem no inn i lista over tilgjengelege tastaturoppsett, og du kan velje kva som skal vere standard. Klikk "OK"

10.jpg

10. No kjem du tilbake til språkinnstillingane i Word. Etter eit par sekunder vil du sjå at tastaturoppsettet for språket du har valt blir satt som "aktivert". Klikk "ikke installert" for å installere språkpakka.

11.jpg

11. No blir du sendt til ei nettside med språkalternativer for Office 2013. Her finn du fire tilgjengelege val.

"Språkpakke" er ei komplett språkpakke i eit gitt språk - desse må ein kjøpe.

"Language interface pack" inneheld språkoppsett for sjølve programvaren (menyar, hjelpetekstar og slikt). Mange av desse er gratis, men nokre må kjøpast.

"Korrekturverktøy" inneheld redigeringsspråk for Office, og desse er gratis.

"Skjermtips" inneheld språkoppsett for hjelpetekstar og slikt. Desse er også gratis.

Klikk "Last ned" under "korrekturverktøy" for å gå til nedlastingssida for redigeringsspråk.

12.jpg

12. Du kjem no til nedlastingssida for redigeringsspråk. Vel språket du ønskjer frå rullegardinmenyen.

13.jpg

13. Etter å ha valt "Polsk" skifter språket på sida til språket du har valt. Klikk "last ned" (eller, som i dette tilfellet, "Pobierz").

14.jpg

14. Du får no to val. Dersom du er usikker på kva pakke du treng bør du anten velje begge, eller den som heiter "proofingtools_pl-pl-x86.exe" eller tilsvarande for ditt valte språk. Hak av for dine val, og klikk "next".

15.jpg

15. Det er mogleg at det no popper opp følgjande melding på skjermen din. Klikk "tillat en gang", eller vel "alltid tillat" under "Alternativer for dette nettstedet".

16.jpg

16. Klikk "kjør" i den neste meldinga som popper opp.

17. Hak av i meldinga som dukker opp, og klikk "continue"

18.jpg

18. Klikk "OK"

19.jpg

19. Lukk alle Office applikasjoner du har opne, og restart Word. Gå tilbake til språkinnstillingane ("Fil", "Alternativer" og "Språk"). Her skal du no sjå at  det nye språk ditt, i dette tilfellet Polsk, er installert og aktivert. Du kan no velje  det valte språk ditt som redigeringsspråk.

20.jpg