Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ny elev i vidaregåande skule

Velkomen som It-brukar i vidaregåande skule. Skoleportalen inneheld ei samling av digitale verktøy og hjelpemiddel som ein treng i skulekvardagen.

It`s Learning

It`s Learning blir brukt til å sende interne meldingar og som informasjonskanal for skulen.  Her vil du blant anna finne oppdaterte planar for faget, informasjon om heimearbeid og prøvar, relevante notat, filer, peikarar, presentasjonar og undervegsvurderingar og vurderingar i faget (evt. på SkoleArena)

Brukarnamn og passord til It`s Learning blir sendt til deg på sms.

Har du gløymt passordet ditt kan du få eit nytt ved å følgje lenka under.

Bytt passord

SkoleArena

I SkoleArena kan du sjekke fråveret, karakterar og merknader. Frå It`s Learning kan du gå direkte over til SkoleArena utan ny pålogging (inngangen ligg øvst på sida).

Inne i SkoleArena vil du på sidene Elev  finne eigne personopplysningar, fråvær og ordens-/åtferdsmerknader. Under Fag finn du karakterane dine, og under Generelt finn du skuleruta.

Programvare til PC/Mac

Programvare du treng til skulearbeidet kan du  laste ned gratis her på Skoleportalen. Bruk lenkene under og følg instruksjonane.

 Nettvett

Å bruke Internett i skolearbeidet er blitt ein fast del av skulekvardagen.  Det er nokre ting du bør tenke på som brukar av internett.

Internett som kjelde

Hugs på at det ikkje er all informasjon du finn på internett som er rett eller sann. Bruk fleire kjelder og sunn fornuft når du vurdere informasjonen du finn. Du kan få meir informasjon om kjeldekritikk hos læraren din eller på skulen si bibliotekside.

Opphavsrett

Brukar du internett til å samle inn informasjon til skuleoppgåver/innleveringar må du oppgi kjeldene dine. Ver også merksam på at det kan vere restriksjonar i bruken av bilde du finn på Internett. Ta kontakt med fotografen om du ønskje å bruke bilde.

8 nettvett reglar

  1. Ver mot andre på nettet som du vil at andre skal vere mot deg.
  2. Ver forsiktig med å gi ut opplysningar om deg sjølv.
  3. Snakk med ein vaksen viss du opplev noko ubehageleg på nett.
  4. Ta med ein vaksen eller ein ven om du skal møte nokon du har chatta med.
  5. Tenk deg om før du lastar ned noko frå nettet. Det kan ligge virus og spionprogram saman med filene du lastar ned.
  6. Gi ALDRI ut passorda dine til nokon.
  7. Spør om lov før du skriv om nokon eller legg ut bilde av andre.
  8. Sjekk alltid kven som har laga informasjonen du finn - hugs at alle kan leggje ut noko på nett.

Les meir  om dette på nettvett.no (Teksten over er henta frå nettvett.no)