Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høyskole? Da kan du velge studiespesialisering. Utdanningen er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan også velge fag som gir spesiell studiekompetanse.

Ein god stad å vere

Langhaugen videregående skole er ein skule med godt og inkluderande miljø og stor aktivitet. Kombinasjonen av studiespesialisering og musikk og dans gir eit særpreg utanom det vanlege. Hos oss finn du glede og kreativ spontanitet i kombinasjon med det seriøse.

Søk skuleplass

Ein god stad å lære

Skulen har fem klassar på kvart trinn på utdanningsprogram for studiespesialisering og éin klasse på kvart trinn i musikk og dans på utdanningsprogram for musikk-dans-drama. Vi tilbyr undervisning i mange ulike fag, og lærarar med spesialkompetanse.

Vilbli.no

Første året

_DSC6876.jpg

På Vg1 har du dei fleste faga saman med klassen din, men i matematikk må du velje mellom teoretisk (1T) og praktisk matematikk (1P). Du kan velje å halde fram med framandspråket frå ungdomsskulen på nivå II, eller begynne med nytt framandspråk på nivå I. Dei som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen begynner på nivå I og må i tillegg ta nivå I+II i Vg3.

Fag og timetal
Fag Timetal
Norsk 4
Matematikk 5
Naturfag 5
Samfunnsfag 3
Geografi 2
Framandspråk 4
Engelsk 5
Kroppsøving 2
Sum timetal per veke 30

Andre året

rollespill1

På Vg2 kan du velje mellom desse programfaga:

  • Realfag: biologi 1, fysikk 1, kjemi 1, R1-matematikk, S1-matematikk 
  • Språk, samfunnsfag og økonomi: internasjonal engelsk, medie- og informasjonskunnskap 1, psykologi 1, rettslære 1, samfunnsøkonomi 1, sosiologi 
  • Formgjevingsfag: kunst og visuelle verkemiddel 1

I tillegg har du følgande fellesfag:

Fag og timetal
Fag Timetal
Norsk 4
Matematikk* 3
Framandspråk 4
Historie 2
Kroppsøving 2
Programfag 15
Sum timetal per veke 30

*) Elevar som vel R1, eller S1 må ha 32 timar per veke.

Tredje året

kunstfag.jpg

Når du kjem til Vg3 har du desse programfaga å velje mellom:

  • Realfag: biologi 2, fysikk 2, kjemi 2, R2-matematikk, S2-matematikk
  • Språk, samfunnsfag og økonomi: engelsk litteratur og kultur, medie- og informasjonskunnskap 2, politikk og menneskerettar, psykologi 2, rettslære 2, samfunnsfagleg engelsk, samfunnsøkonomi 2, sosialkunnskap  
  • Formgjevingsfag: kunst og visuelle verkemiddel 2

I tillegg har du følgande fellesfag:

Fag og timetal
Fag Timetal
Norsk 6
Historie 4
Religion 3
Kroppsøving 2
Programfag 15
Sum timetal per veke 30

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane. Hugs søknadsfristen 15. april!

Samordna opptak Utdanning.no

Kontaktperson