Stipend frå Lånekassen
Søk innan 15. november dersom du vil ha støtte frå Lånekassen for haustsemesteret 2018.
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Unntaka er lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar.
Du må sjølv søke om stipend, og du kan søke først etter at du har fått skoleplass. Når du søkjer om stipend, vurderer Lånekassen om det er andre typar stipend du har rett til.
Slik søkjer du om stipend
Det er éin felles søknad for stipend og lån, som du finn på www.lanekassen.no/soknader.
Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole? Då er det enklast å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skoleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Dine sider på lanekassen.no.
Du kan følgje med på korleis det går med søknaden din, på Dine sider.
Foreldre til elevar under 18 år kan få vedtaket om støtte elektronisk og signere digitalt på vegne av barnet.
Elevane skal ikkje lenger signere for stipend, men må signere avtalen dersom dei får lån.
Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga
Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom du
- slutter eller tar ein pause i utdanninga
- byter skole eller studieretning
- flyttar heim til foreldra dine
Skolen melder frå til Lånekassen dersom du
- har stort fråvær
- sluttar i eit fag
- får fritak frå eit fag
Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.
Skal du på utveksling?
Då må du sende inn stadfesting frå skolen din i Norge og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider.