Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Eksamen

Avsluttande eksamen føregår i mai og juni. Datoar for eksamen er innarbeida i årsplanen. All relevant informasjon om eksamen blir lagt ut fortløpande på FYV-INFO på It's Learning. Detaljert eksamensplan blir hengt på oppslagstavla i hallen.

Eksamen kan vere skriftleg og/eller munnleg, praktisk/munnleg eller skriftleg/praktisk. Eksamenskarakter blir ført på dokumentasjonen (sjå avsnitt om dokumentasjon.). Får du dårligare karakter enn 2 til eksamen, har du ikkje bestått og får ikkje vitnemål. I dei faga som ikkje blir trekt ut til eksamen, står berre standpunktkarakter på dokumentasjonane.

Ingen elevar må planlegge ferie i tida frå eksamen begynner og til skoleslutt. Det er undervisning for alle klassetrinn i perioden mellom skriftleg og munnleg eksamen.

Utsatt eksamen

Elev/privatist som har dokumentert gyldig forfall (t.d. sjukdom med legeerklæring) ved ordinær eksamen, har rett til å framstille seg til utsatt eksamen i faget. Utsatt eksamen blir halde i november/desember med unntak av norsk, der utsatt eksamen blir halde i juni/juli. Dersom du har rett til utsatt eksamen i trekkfag, skal trekking av fag skje på nytt.

Dersom du ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må du ta faget som privatist og standpunktkarakteren fell bort.

Ny eksamen

Elev som får karakteren 1 ved eksamen, har rett til ny eksamen i faget. Ny eksamen blir halde i november/ desember. Dersom du ikkje går opp til første etterfølgjande eksamen, må du ta faget som privatist og standpunktkarakteren fell bort.

Særskilt eksamen

Elev som får karakteren 1 i standpunktkarakter i fag, har rett til særskilt eksamen i faget dersom eleven ikkje er trekt ut til eksamen i faget eller det gjeld eit fag der eksamen ordinært ikkje blir halde. Særskilt eksamen blir halde i november/desember.

Du må sjølv ta kontakt med skolen for å melde deg opp til utsatt, ny eller særskilt eksamen!

Rett til forlenga tid og evt. særskilt tilrettelegging

Elevar med lese- og skrivevanskar og elevar med spesielle sjukdommar kan få lengre tid ved heildagsprøvar og skriftleg eksamen. Du må søke skolen om dette, og erklæring frå PPT eller lege må leggast ved søknaden. Frist for innlevering av søknad om rett til lengre tid er 1. november i haust-terminen og 1. mars i vår-terminen. Kontakt rådgjevarane for meir informasjon.

Retningsliner for eksamen

Retningsliner for lokalt gitt eksamen Rundskriv om lokalt gitt munnleg eksamen Utdanningsdirektoratet - knapp

Pålogging

Pålogging eksamen Pålogging Kartleggingsprøve