Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skolen

Fyllingsdalen videregående skole ligg like utanfor Bergen Sentrum. Vi er kjend for vår dramaline, men tilbyr også studiespesialisering, helse og oppvekst og undervisning for tilrettelagte grupper. Skolen er bygd i 1980, og har rundt 500 elevar og 80 tilsette.

Kvar finn du oss?

Skolen ligg sentralt i Fyllingsdalen, like ved Oasen senter og Oasen terminal.

Det er god tilgang på buss til Fyllingsdalen, Søreide, Bønestoppen, Melkeplassen og Sentrum.

Adressa vår er Shetlands-Larsens vei 23, 5043 FYLLINGSDALEN

Resepsjonen

Ekspedisjonstid: 08.00 - 14.00

Resepsjonen ligg i 2. etasje. I skranken vil du møte Eli og Ingunn.

Rektor og assisterande rektor

Rektor er skolen sin pedagogiske og administrative leiar. Rektor har ansvar for dagleg drift, og ser til at skolemyndigheitene sine vedtak blir satt i verk. Rektor skal ivareta skolen sine interesser på beste mogleg måte, og legge til rette for gode arbeidsforhold ved skolen.

Ass. rektor er rektors avløysar og overtar rektor sine funksjonar når han er borte. Ho er også avdelingsleiar for kroppsøving, realfag og språk.

Rektor og Ass. rektor har kontor i 2. etasje.

Avdelingsleiarar

Avdelingsleiarane har ansvar for det fagleg-pedagogiske arbeidet på si avdeling. Dei har også personalansvar for lærarane på avdelinga.

Leiar Administrasjon har ansvar for Kontor, Bibliotek og Kantine.

Kontoret

Kontoret i 2. etasje hjelper deg blant anna med:

  • legitimasjonskort (skolebevis)
  • støtte til skoleskyss
  • utfylling av skademeldingar

Kontorpersonalet arbeider også med skolen sin daglege administrasjon.

Drift og Reinhald

Driftsleiar har kontor med eigen inngang like ved skolen sin hovudinngang. Han har ansvaret for den tekniske drifta av skolebygningen.


Reinhaldspersonalet har ansvaret for reinhaldet på skolen. Dei har pauserom i underetasjen.

Skolebygget. Foto

Hovudinngangen er i underetasjen, ut mot idrettsplassen.

Det er også inngang til 1. etasje frå skoleplassen på oppsida.