Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ta Ordet!

Mary Gonzalez talar. Foto
Mary Gonzalez

Skulefinalen av talekonkurransen Ta ordet! blei halde med god stemning og stor suksess på fredag 21. Mary Gonzalez i 3PBA vann med ein tale som handla om situasjonen i Venezuela no.

Mary Gonzalez er sjølv frå Venezuela og er svært engasjert i å nå ut med informasjon om kor fortvilande situasjonen der er no. Ho og familien flytta hit då ho var barn. Ho går no vidare til workshop og regional delfinale på Universitetet i Bergen, og kan vere ein av seks talarar som får vere med til den store nasjonale finalen i Universitetet sin aula.

Det var seks deltakarar i finalen. Dei andre talane handla mellom anna om slaveri i klesproduksjon, rasisme og vold i familien.

Ein av talarane. Foto
Ein av talarane

Fram mot finalen har elevane i VG2ST/MD og VG3PB jobba i fleire veker med retorikk i norskundervisninga. Dei har skrive ein eigen tale og framført den i klassen. Vinnarane av klassefinalane gjekk vidare i skulefinalen. I dommarpanelet som plukka vinnaren satt elevrådsleiar, elevinspektør og to norsklærarar.

Tilhørarar. Foto
Spente tilhørarar

Meir om konkurransen på https://taordet.w.uib.no/