Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fagskolen i utdanningssystemet

Fagskoleutdanningar er korte yrkesretta utdanningar frå minimum 30 til 120 fagskolepoeng. Utdanningane er sidestilt med anna høgare utdanning og bygger på relevant vidaregåande opplæring.

Modellen under syner fagskoleutdanninga si plassering i det norske utdanningssystemet. Fagskoleutdanningar er innplassert som nivå 5-1 og 5-2 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR).

Det_norske_systemet.jpg

 

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) gjer det mogleg å samanlikne utdanningsnivåa i Norge med utdanningsnivå i andre land gjennom European qualifications framework.

Fagskoleutdanning skil seg frå høgare utdanning på ein del område, blant anna ved at fullført fagbrev er grunnlag for opptak ved fleire studieretningar. Det er heller ikkje krav om at undervisinga i fagskolene skal vere forskningsbasert,  slik det er for anna høgare utdanning.   Ei fagskoleutdanning skal i større grad være direkte kobla til arbeidslivets behov.