Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Slik søkjer du

Du søkjer via www.vigo.no
Søknadsfrist 15. april.

Om innsending av dokumentasjon

Du kan laste opp dokumentasjon på vigo.no mens du søker.

Dokumentasjon om skulegang og fagbrev.

  • Du skal laste opp dokumentasjonen (stadfesta kopi) dersom: 
    • a.) du ikkje har godkjente karakterer i Vigo, eller karakterane som er registrert i Vigo ikkje stemmer med karakterane i vitnemålet
    • b.) fag-/sveinebrevet ikkje er godkjent i Vigo, eller karakterane dine ikkje stemmer med karakterane som er registrert i Vigo.
  • Du trenger ikkje å laste opp dokumentasjonen dersom opplysningane om karakterar og fag-/sveinebrev er rette.

Dokumentasjon på andre opplysningar (til dømes arbeidserfaring)

Du må laste opp ei stadfesting på alle opplysningar som er registrert manuelt i Vigo (utdanning, arbeidserfaring, tryggleikskurs med meir). Om du til dømes skriv at du har arbeidd i 3 år, må du sende attestar som stadfestar dette. Du kan sende dokumentasjonen per e-post eller med vanleg postgang.

Kvar skal du senda dokumentasjonen?

Du skal sende dokumentasjonen til skulen som er ditt 1. val innan kvar utdanning du søkjer på.

Søkjer du til dømes:
1. val: Automatisering/ Fagskolen i Hordaland 
2. val: Automatisering/ Fagskolen Innlandet
3. val: Elkraft/ Steinkjer fagskole
4. val: Elkraft/ Fagskolen Telemark
Sender du dokumentasjonen til Fagskolen i Hordaland og Steinkjer fagskole.

Siste frist for innsending av dokumentasjon til skulen er 15. april.

Poengberekning og rangering

  • Det generelle grunnlag for opptak (fagbrev eller godkjent realkompetanse), 100 poeng.
  • Det vert gjeve gjennomsnittleg karakterpoeng av karakterane i alle fag på VG2/VK1 og tverrfagleg eksamen.
  • Relevant praksis utover det generelle grunnlag for opptak, 1 poeng per månad (må dokumenterast)
  • Fartstid (tid om bord) 1 poeng per månad (må dokumenterast)
  • Fagprøve med "bestått meget godt", 25 poeng
  • Fagprøve i anna fag utover det generelle opptakskrav, inklusiv praksistid, 50 poeng
  • Ved lik poengsum skal det kjønn som er underrepresentert i det yrket eller den profesjon opplæringa skal føre fram til, kvoterast.


For å få poenga for praksis/fartstid, må du levere attestar  til skulen som stadfestar  praksis/fartstida di.

Søkjarar med utanlandsk utdanning.

Sjå informasjon i Forskrift for Fagskolane i Hordaland.