Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Opptakskrav

Her finn du dei generelle opptakskrava til Fagskolane i Hordaland. Sjå sida til den aktuelle utdanninga som du er interessert i for å få vite om du har relevant fagbrev.

Generelle opptakskrav

a) fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev/sveinebrev/vitnemål frå relevant
yrkesutdanning frå vidaregåande skule,

b) eller minst 5 års relevant praksis utan fagbrev, med realkompetansevurdering i læreplanmåla som  svarar til Vg1 og Vg2 i yrkesfagleg utdanningsprogram

c) søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter opptaksfristen, kan verte
tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

For nærare informasjon om kva type fagbrev ein må ha for å vere kvalifisert for den einskilde utdanning, gå til sidene om utdanningane frå forsida.
Du kan søkje elektronisk gjennom  vigo.no før 15. april.
Informasjon om korleis du kan søkje på fagskoleutdanning  finner du på fagskoleopptak.no
 

Spesielle opptakskrav

Følgjande utdanningar har spesielle opptakskrav i tillegg til dei generelle opptakskrava:

  • Maritim utdanning
    • Bestått grunnleggende sikkerhetsopplæring IMO 60.
  • Petroleumsteknisk utdanning
    • Godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk. Offentleg godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk kan erstattast av kursbevis fra bestått 420 timars grunnleggjande kurs i bore- og brønnteknikk avlagt før 1.august 2007.

Søkjarar med utanlandsk utdanning

Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gjev generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig teknisk fagskule.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentera opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande VG1 og VG2 i yrkesfaglege studieretningar. Søkjarane må i tillegg dokumentera norsk kunnskapar jamfør nivå B2 i «Test i norsk – Høyere nivå» (Bergenstesten).