Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiestad Austevoll

Fagskolen i Hordaland har tilbod om dekksoffiser ved studiestaden Austevoll i tillegg til i Bergen. På studiestad Austevoll har vi blant anna ein toppmoderne bru-simulator og gode studentfasilitetar saman med Austevoll vidaregåande skole.
_dsc8440.jpg

Studiestad Austevoll er på Huftarøy i Austevoll kommune. Skolen deler lokaler med Austevoll vidaregåande skole.

Skolen er moderne med gode fasilitetar for læring. Vi har store undervisningslokale, utstyrt med E-beam tavler. Skolen bruker Its learning som læringsplattform. Vi disponerer opplæringsfartøyet «Stø Kurs» i periodar i tillegg til nye navigasjonssimulatorar.

Austevoll er ein kommune med ein stor maritim næring både innan offshore og fiskeri som skolen har eit godt og nært samarbeid med. Dette er med å sikre at skolen sitt mål om ein utdanning med høy yrkesrelevans blir tatt vare på.

Studiestad Austevoll er sertifisert som «maritimt akademi» av Det norske Veritas og har godkjenning av NOKUT for å tilby dekksoffisersutdanning.