Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vegen vidare

Fagskolen i Hordaland har ein avtale med VIA University College i Horsens, Danmark.

Bildet fra Horsens

Studentar med bestått eksamen frå Fagskolen i Hordaland med toårig fagskoleutdanning innan elkraft kan bli tatt opp på Maskiningeniørutdanning ved VIA University College.

For å kunne bli tatt opp må studentane har bestått fagskolen sine førebuande ingeniørkurs for matematikk R1+R2 og fysikk 1. Studentane skal følgje eit spesielt tilrettelagt program på to års varigheit. Studentane oppnår då meritt for i alt 90 ECTS frå den toårige fagskoleutdanninga innan automatisering ved Fagskolen i Hordaland, dersom ingeniørpraksisen blir godkjent.

Nettside - VIA University College
Logo Høgskulen på VestlandetBachelorutdanning
Fagskolen i Hordaland har eit godt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet avd. for ingeniørutdanning. Dette medfører at gjennomført utdanning innan elkraft ved Fagskolen i Hordaland kan bli brukt i ein bachelorgrad.
Avdeling for ingeniørutdanning, Høgskulen på Vestlandet, godkjenner at studentar med elkraft frå Fagskolen i Hordaland får 60 studiepoeng ved bachelorutdanning, studieretning Elkraftteknikk. Den toårige ingeniørutdanninga i elkraftteknikk gir graden Bachelor i ingeniørfag.
Nettside - Høgskulen på Vestlandet