Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kva er fagskole?

Fagskoleutdanningar er korte yrkesretta utdanningar frå minimum 30 til 120 studiepoeng. Utdanningane er sidestilt med anna høgere utdanning og byggjer på relevant vidaregåande opplæring.

Modellen under viser fagskoleutdanninga si plassering i det norske utdanningssystemet. Fagskoleutdanningar er plassert på nivå 5-1 og 5-2 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR).

Det_norske_systemet.jpg

 

Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR) gjer det mogleg å samanlikne utdanningsnivåa i Norge med utdanningsnivå i andre land gjennom European qualifications framework.

Fagskoleutdanning skil seg frå høgare utdanning på ein del område, blant anna ved at fullført fagbrev er grunnlag for opptak ved fleire studieretningar. Det er heller ikkje krav om at undervisinga i fagskolane skal vere forskningsbasert, slik det er for anna høgare utdanning. Ei fagskoleutdanning skal i større grad vere direkte kopla til arbeidslivet sine behov.