Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Søkjarinformasjon

Du søkjer via www.samordnaopptak.no. Søknadsfrist 15. april.

Søk studieplass Dokumentasjon til søknad

Korleis søkjar du?

Du søkjer studieplass gjennom Samordna opptak. Husk søknadsfrist:15. april.
Nødvendig dokumentasjon må vere lasta opp saman med søknaden innan 15. april. På nettsidane til Samordna opptak finn du informasjon om kva dokumentasjon du skal laste opp.
Har du spørsmål om utdanninga, ta gjerne kontakt med oss på post.fih@vlfk.no.
Lurar du på korleis du søkjer i portalen, ta kontakt med Samordna opptak: sokerinfo@samordnaopptak.no

Studielån, stipend og kostnadar

Alle utdanningane ved Fagskolen i Hordaland er NOKUT-godkjente, og studentane kan søkje om lån og stipend i Lånekassen.

Lenke til Lånekassen

Fagskolen i Hordaland er medlem i studentsamskipnaden på Vestlandet Sammen.
Alle studentane skal betale semesteravgift til Sammen, avgifta er satt til kr 550,- pr semester. Fagskolen fakturerer studentane etter studiestart for semesteravgift.

Studentar ved heiltids- eller deltidsutdanningane har ikkje utgifter utover semesteravgifta.
Studentar ved ei nettbasert utdanning med samlingar må betale ei studieavgift på kr. 3 000,- pr. semester. Dette gjelder studentane som startar si utdanning hausten 2020. 
Utdanninga lokal matkultur vert unntatt frå denne avgifta. 
I tillegg må studentane sjølv dekke kostnader knytt til bøker, kalkulator, PC, lisensar, osv. 

Generelle opptakskrav

Det generelle opptakskrav for fagskoleutdanning er:

a) fullført og bestått vidaregåande opplæring med fagbrev/sveinebrev/vitnemål frå relevant yrkesutdanning frå vidaregåande skole,
b) minst 5 års relevant praksis utan fagbrev, med realkompetansevurdering i læreplanmåla som  svarar til Vg1 og Vg2 i yrkesfagleg utdanningsprogram

Sjå sida til den aktuelle utdanninga som du er interessert i for å få vite om du har relevant fagbrev.

Realkompetansevurdering

 

Søkjarar med utanlandsk utdanning

 

Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig teknisk fagskole.Søkjarar utanfor Norden må dokumentera opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Søkjarane må i tillegg dokumentera norsk kunnskapar jamfør nivå B2 i «Test i norsk – Høyere nivå» (Bergenstesten).

Spesielle opptakskrav

Følgjande utdanningar har spesielle opptakskrav i tillegg til dei generelle opptakskrava:

  • Maritim utdanning
    • Bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring IMO 60.
  • Petroleumsteknisk utdanning
    • Godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk. Offentleg godkjent tverrfagleg eksamen i Vg2 Brønnteknikk kan bli erstatta av kursbevis frå bestått 420 timars grunnleggande kurs i bore- og brønnteknikk avlagt før 1. august 2007.

 

Du kan finne meir informasjon om opptak på Forskrift om opptak for Fagskolen i Hordaland.