Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Realkompetansevurdering

Jf. Fagskoleforskrifta og fagskolelova er det mogleg å få opptak til studium ved Fagskolen i Hordaland utan fagbrev på bakgrunn av ein realkompetansevurdering.

Realkompetanse

Realkompetanse er dei samla kunnskapar og ferdigheitar som ein person har tileigna seg gjennom utdanning, løna eller uløna arbeid og anna erfaring.

Generelt er realkompetanse ei unntaksordning for deg som er 23 år eller eldre i søknadsåret, og som ikkje har relevant fagbrev eller yrkesvitnemål, jf. Forskrift om opptak ved Fagskolen i Hordaland § 1-9.

Du kan ikkje bli vurdert for realkompetanse dersom studiet har opptakskrav om yrkesgodkjenning, autorisasjon eller anna sertifikat.

Dersom studiet har spesielle opptakskrav må desse krava vere dekt, også av deg som søkjer på bakgrunn av realkompetanse.

Generelle kriterium

Har du praksis og/eller utdanning som kan kompensere for opptakskravet til eit studium, kan du søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. Du søkjer studieplass gjennom Samordna Opptak og vel realkompetanse som utdanningsbakgrunn.

Ved opptak på grunnlag av realkompetanse gjeld vurderinga av din realkompetanse berre for eit bestemt studium ved Fagskolen i Hordaland. Realkompetansen må vere relevant for det studiet du søkjer opptak til, og må gi deg dei nødvendige faglege føresetnadane for å gjennomføre det aktuelle studiet.

Når du søkjer gjer vi ei individuell vurdering av dine kvalifikasjonar til det spesifikke studiet du søker om opptak til. For å få tilbod om studieplass må du dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som andre søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar.

Fagskolen i Hordaland kan i særlege tilfelle be deg stille på intervju for å kunne vurdere kvalifikasjonane dine.

Har du utdanning frå land utanfor Norden må du fylle norskkravet for opptak, som er på nivå B2 for alle studia ved Fagskolen i Hordaland

Kriterium for godkjenning av realkompetanse

  • Du må vere 23 år eller eldre i søknadsåret
  • Du manglar fag-/svennebrev, eller yrkesvitnemål
  • Du må dekke spesielle opptakskrav

Du må ha minst 5 års fulltids arbeidserfaring som er relevant for studiet du søkjer opptak til. Deltid blir rekna om til heiltid. Inntil 2 av dei 5 åra kan bli erstatta av ulønna arbeid, utdanning, organisasjonserfaring og/eller liknande.

Du må ha nødvendige kunnskapar i norsk og engelsk for å kunne gjennomføre studiet. Kunnskapar i faga norsk, matematikk og engelsk blir særleg vektlagt.

Søkjarar utanfor Norden kan jf. opplæringslova § 3-4a søkje NOKUT om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring. Alternativt må ein dokumentere opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Sjå § 1-9 om realkompetansevurdering i denne forskrifta. Søkjarane må i tillegg dokumentere kunnskapar på nivå med B2 i «Test i Norsk – høyere nivå» (Bergenstesten) eller tilsvarande.

Rangering

Som realkompetansesøkjar blir din heilskaplege kompetanse vurdert av opptakskomiteen på bakgrunn av din dokumentasjon. For å få opptak er det krav om likeverdige ferdigheiter med søkjarar som får tilbod om opptak etter ordinære rangeringsreglar. Søkjarar med realkompetanse blir ikkje rangert med poengsum, men blir sidesilt med søkjarar med fagbrev.

Dokumentasjon

Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna fagskole.

Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstørrelse og tidsrom må gå fram av attesten. Bruk kompetanseattest frå Kompetanse Norge.

Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til nivå frå vidaregåande skole kan dokumenterast gjennom realkompetansevurdering frå vaksenopplæring.

Kurs må dokumenterast med kursbevis.

Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta.

Klage

Du kan klage på vedtak om realkompetansevurdering. Klagen sendes til skolen pr. epost og blir handsama av den lokale klagenemnda for Fagskolen i Hordaland.