Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Interessa for lokal mat aukar, både innan næringa og hos forbrukarane. Fagskolen i Hordaland tilbyr fagskuleutdanning - Lokal matkultur - for dei som ønskjer ei heilskapleg utdanning innan den lokale gastronomien. Kjerna i utdanninga byggjer på kunnskap om matkvalitet, matproduksjon, matkultur og mattradisjon. Studentane får ei opplæring med fokus på lokal matkultur, med eit breitt fundament i kulturarven til det nordiske kjøkkenet. Tilbodet er på Fagskolen i Hordaland sin studiestad Hjeltnes.
For studieåret 2021-22 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som nettbasert studium.
Du kan søkje studieplass på Samordna Opptak frå og med 01.02.2021.
Utdanninga er unnateken frå studieavgift knytta til nettbaserte utdanningar.
Du kan søkje studieplass på grunnlag av:
Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. oktober same år.
Søkarar med anna utdanningsbakgrunn, men som har god matkompetanse og / eller jordbrukskompetanse, kan bli realkompetansevurdert for å koma inn på studiet, td produsentar og vidareforedlarar av lokalmat.
Du skal dokumentere:
Du finn meir info om dette her.
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på fulltid. Lokal matkultur som eit deltidsbasert nettstudie over 3 skuleår. Det blir 6 vekesamlingar kvart skoleår, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane og 6 veker praksis. Samlingane på skole vil innehalde mykje praksis, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir det nytta læringsplattformen It`s learning og ulike former for nettundervisning.
Etter ferdig studie skal studenten ha ein god basis til å etablere, leige og drive ei berekraftig matbedrift, ha leiande stillingar for serveringsstader, produksjonsbedrifter, reiselivsbedrifter eller daglegvarebransjen. Andre aktuelle arbeidsfelt kan vere innan matfagleg rådgjevingsteneste, varedistribusjon, matjournalistikk eller som lærar innan matfag.
Følg oss på InstagramSend oss ein e-post
Kandidaten:
Kandidaten:
Kandidaten: