Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bore- og brønnteknikk kurs (offshorekurs)

Fagskolen i Hordaland leverar offshorekurs av høg kvalitet. Vi har dyktige instruktørar som jobbar med boring offshore. Skolen har ein avansert simulatorpark, og vi har drive offshoreundervisning sidan 1985.

Kurset blir gjennomført i tidsrommet 16:00 - 21:00 måndag til fredag, der totalt 477 timar blir fordelte mellom undervisning og sjølvstudie i 15 veker (haustferie ikkje medrekna)

Oppstart tysdag 20. august i Bergen

Grunnleggjande kurs i bore- og brønnteknikk er eit introduksjonskurs for deg som ønskjer å søke jobb offshore innan dette fagfeltet. Det fins også landbaserte jobbar innan oljeindustrien der ein kan ha stor nytte av dette kurset.

Deltakarane vil bli gitt undervisning i lokala til skulen, som blir følgde opp via It`s learning. Det er derfor nødvendig at deltakarane har eigen datamaskin og internetttilgang i samband med sjølvstudie

Varigheit: Totalt 5 månader (ink. nødvendig OLF-, VHF, Krankurs og offentleg eksamen) 

Interne eksamenar og offentlege eksamenar

Vi oppfordrer våre studentar til å melde seg opp til dei offentlege eksamenane i faget VG2 Brønnteknikk, noko som også er nødvendig for å kvalifisere til Lånekassen. Desse er BRT2003, BRT2004, BRT2005 og BRT2006.

Eigen oppmelding via Hordaland Fylkeskommune - privatistweb. Nærare informasjon ved kursstart.

Pris: 49.000,- (eksklusive nødvendig OLF-, VHF, krankurs og offentleg eksamen).

 

Ta kontakt for påmelding eller ytterlegare informasjon:

mette.kari.marthinsen@hfk.no eller tlf 55 33 78 65 for påmelding eller ytterlegare informasjon