Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Spesialreinhald og sterilforsyning

Spesialreinhald og sterilforsyning

Utdanninga skal gi deg høg yrkesetisk standard og kompetanse til å ta initiativ til å planlegge, organisere og sette i verk tiltak i samarbeid med tenesteytarar og brukarar. Du skal i  studietida tileigne deg breiddekompetanse innan spesialreinhald både på individnivå og systemnivå. Tilbodet er på Fagskolen i Hordaland sin studiestad Nordnes.

For studieåret 2021-22 kan du søkje studieplass ved denne utdanninga som deltidsstudium.
Du kan søkje studieplass på Samordna Opptak frå og med 01.02.2021.

Opptakskrav

Du kan søkje studieplass på grunnlag av:

Du kvalifiserer til utdanninga når du har fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev eller yrkesvitnemål. 

Relevante fagbrev / yrkeskompetanse er:

Relevante fagbrev er:

  • Ambulansefag 
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfaget
  • Apotekteknikk 
  • Fotterapi 
  • Helsearbeidarfaget 
  • Helsesekretær 
  • Hudpleie
  • Ortopediteknikkfaget
  • Portørfaget
  • Reinhaldsoperatørfaget
  • Tannhelsesekretær

Vitnemål som hjelpepleiar kvalifiserer til opptaket.

NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. oktober.

eller

Du skal dokumentere:

  • Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over). 

  • Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.

  • Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass

Du finn meir info om dette her.

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

Søkjarinformasjon

Studiet er på 60 studiepoeng, fordelt over 2 år med undervisning i snitt 1 dag i veka på skolen. I tillegg er det nettstøtta opplæring / arbeid via Its learning. Etter vel 1 år med teori, avsluttar utdanninga med 10 veker relevant praksis og fordjupingsoppgåve.

Sterilforsyning handlar om pasientsikkerheit. Utdanninga skal kvalifisere yrkesutøvarar til å meistre reinhald og spesialreinhald av lokale, instrument og utstyr, og gjennom dette også ha kompetanse i korleis smittevegar kan brytast, smittespreiing hindrast og sterilforsyning sikrast. Utdanninga krev at studenten forstår verdien av teamarbeid og også eigen funksjon i det pasientretta arbeidet.

Studiestad Nordnes

 

Send oss ein e-post

Læringsutbytte

  • Kandidaten:
    har kunnskapar innan mikrobiologi, smittevern, hygiene og spesialreinhald i helsetenesta
    har kjennskap til spesialavdelingar si fysiske utforming og verdien av ventilasjon for miljøet i spesialavdelinga
    har bransjekunnskap og kjennskap til smittevern og spesialreinhald i helsetenesta
    har innsikt i lov- og regelverk og standardar som regulerer smittevern og spesialreinhald i helsetenesta og forstår eigen funksjon og rolle i eit folkehelseperspektiv
    har kunnskap om kva krav som blir stilt til sterilforsyninga i helsetenesta og kan oppdatere si yrkesfaglege kunnskap om smittevern og spesialreinhald i helsetenesta
    har kunnskap om metodar for sterilisering og kontroll av sterilisering og om korleis instrumentar og utstyr av ulike materialar og med ulike funksjonar skal handsamast, desinfiserast, reingjerast og haldast ved like

  • Kandidaten:
    kan anvende kunnskap om smittevern og spesialreinhald og bruke relevant spesialutstyr
    kan anvende ulike metodar for sterilisering og kontrollar av sterilisering
    kan anvende relevante metodar, prinsipp og strategiar innan smittevern og spesialreinhald i helsetenesta
    kan finne informasjon og fagstoff som er relevant for problemstillingar knytt til smittevern og spesialreinhald i helsetenesta
    kan kartlegge ein reinhaldssituasjon og identifisere faglege problemstillingar og behov for iverksetting av naudsynte tiltak

  • Kandidaten:
    kan utvikle arbeidsmetodar, produkt og/eller tenester av relevans for smittevern og spesialreinhald i helsetenesta
    kan identifisere etiske utfordringar og dilemma, reflektere over eigen praksis og grunngje sine vurderingar fagleg og etisk
    kan utføre arbeidet med smittevern og spesialreinhald etter behova til utvalde målgrupper
    kan bygge relasjonar med kollegaer og på tvers av avdelingar og etatar i samarbeidet om smittevern og spesialreinhald
    kan forvalte kompetansen sin og bidra til fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid på eigen arbeidsplass

Meir informasjon om studiet