Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rehabilitering

Rehabilitering

Rehabilitering er i sterk utvikling og endring i samfunnet. Både i kommunane og spesialisthelsetenesta.  Kjerna i utdanninga er at fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne skal gje moglegheit til å oppnå best mogleg funksjons og mestringsevne, sjølvstende og deltaking samfunnet. Studentane får ei opplæring mellom anna i tidlig innsats, pakkeforløp, kvardagsrehabilitering, koordinering, motiverende intervju, brukar- og pårørande-styring og velferdsteknologi. 

 Fagskolen i Hordaland tilbyr fagskoleutdanning i Rehabilitering. Studiet gir 60 studiepoeng, som svarar til 2 år deltid. Tilbode er omlag 50 % stadsbasert og 50% nettbasert. I snitt 1 skoledag i veka, eventuelt periodisert. Avslutningsvis 10 veker relevant praksis og hovudprosjekt. Undervisninga foregår på læringsplattformen Its learning. 

 Etter fullført utdanning kan kompetansen din nyttast innan:

  • Kommunal helse- og sosialtenesta som til dømes heimebasert omsorg, sjukeheim, bukollektiv og andre institusjonar
  • Grunnskole, barnehage, SFO, vaksenopplæring og vidaregåande skole
  • Rehabiliteringssenter og andre liknande institusjonar
  • Psykisk helsevern og andre spesialisttenester og det statlege pedagogiske støttesystem
  • NAV, og i tillegg vil ein ha kompetanse til å vera personleg koordinator i individuelle planprosessar

Utdanningskoden er: FHH04D

Slik søkjer du Studiestad Nordnes

Opptakskrav

Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev 
eller
> Søkarar med anna utdanningsbakgrunn, kan bli realkompetansevurdert for å koma inn på studiet. Praksis må då omfatte minst 5 år.
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

 

- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Ambulansefag: Ambulansefag, Helsearbeidarfaget, Portørfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Fotterapi og ortopediteknikk: Fotterapi, Ortopediteknikkfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Helsearbeidarfag: Helsearbeidarfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Helseservicefag: Apotekteknikk, Helsesekretær, Tannhelsesekretær
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Hudpleie.



Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

læringsutbytte

  • Kandidaten:
    har kunnskap om rehabilitering og habilitering for brukarar med funksjonshemming og funksjonsnedsetting , og har kunnskap om funksjonshemming og funksjonsnedsetting i forhold til barn, unge, vaksne og eldre
    har innsikt i relevante lover og forskrifter som gjeld for fagfeltet rehabilitering
    har kunnskap om etiske teoriar, kommunikasjonsverktøy, samhandling og konfliktløysning for brukarar med funksjonshemming og funksjonsnedsetting
    har kunnskap om rehabiliteringsprosessen, brukarmedverknad og individuell plan for den enkelte brukar
    forstår betydninga av helsefremjande og førebyggande arbeid i rehabilitering og kan oppdatere sin kunnskap om organisering av rehabiliteringstenesta
    ha kunnskap om tverrfagleg og tverretatleg samarbeid i rehabiliteringsarbeidet

  • Kandidaten:
    kan nytta kunnskap om behandling, pleie, omsorg og opptrening i rehabiliteringsarbeidet
    kan nytta kommunikasjonsformer og teknikkar i samarbeid med brukarar, pårørande, frivillige, kollegaer og andre yrkesgrupper
    kan kartlegge, identifisere, planlegge og gjennomføre rehabiliterande tiltak som ivaretar brukarmedverknad, sjølvstendig og i samarbeid med andre fagpersonar
    kan finne, nytta og syne til informasjon og fagstoff til bruk i rehabiliteringsarbeid

  •  Kandidaten:
    har forståing for etiske utfordringar og prinsipp i utøvinga av rehabiliteringsarbeidet
    kan byggje relasjonar med brukar og pårørande slik at både meistring og brukarmedverknad blir vareteke i rehabiliteringsarbeidet
    kan byggje relasjonar med kollegaer på tvers av avdelingar og etatar i samarbeid om tenestetilbodet til brukargruppa
    har utvikla ei etisk grunnhaldning for brukarar med rehabiliteringsbehov og deira pårørande som kjem til uttrykk ved at yrkesutøvinga i varetek brukarmedverknad, meistring og brukaren sin integritet
    kan utvikle arbeidsmetodar til brukargruppene gjennom kunnskapsdeling, bevisstgjering og etisk refleksjon på arbeidsplassen

Meir Informasjon om studiet