Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Psykisk helsearbeid og rusarbeid

Utdanninga skal gje deg høy yrkesetisk forståing og kompetanse til å ta initiativ til å organisere og sette i verk tiltak. Dette i samarbeid med pasientar/ brukarar, deira pårørande, medarbeidarar, andre yrkesgrupper, brukar- og pårørandeorganisasjonar og frivillige innan helse- og omsorgssektoren. Tilbodet er på Fagskolen i Hordaland sin studiestad Nordnes.

Studiet er på 60 studiepoeng, fordelt over 2 år med undervisning i snitt 1 dag i veka på skolen. I tillegg er det nettstøtta opplæring / arbeid via Its learning. Etter vel 1 år med teori, avsluttar utdanninga med 10 veker relevant praksis og fordjupingsoppgåve.

 

Utdanninga i psykisk helsearbeid og rusarbeid kvalifiserer m.a. for arbeid innan:
  • kommunal helse- og omsorgstenester som til dømes bu- og omsorgssenter,  rehabiliteringssenter og aktivitetssenter
  • kultur- og oppvekstsektoren som til dømes ungdomsklubbar, barnehagar, skoler og skolefritidsordningar
  • arbeids- og velferdsforvaltninga med til dømes oppfølging av arbeidstrenings- og attføringstiltak
  • spesialisthelsetenesta i til dømes tverrfaglege team og i behandlingsinstitusjonar som miljøarbeidarar.
Utdanningskoden er: FHH14D

Slik søkjer du Studiestad Nordnes

Opptakskrav

Det generelle grunnlag for opptak er:
> fullført og greidd vidaregåande opplæring med fagbrev
eller
> minst 5 års relevant arbeidserfaring utan fagbrev
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om greidd prøve.

 

- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Ambulansefag: Ambulansefag, Helsearbeidarfaget, Portørfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Fotterapi og ortopediteknikk: Fotterapi, Ortopediteknikkfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Helsearbeidarfag: Helsearbeidarfaget
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Helseservicefag: Apotekteknikk, Helsesekretær, Tannhelsesekretær
- Utdanningsprogram helse- og oppvekstfag, programområde Hudpleie.



Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

 

Læringsutbytte

  • Kandidaten
    har kunnskap om psykiske lidingar og ruslidingar og korleis desse kan førebyggjast og behandlast
    har innsikt i sentrale lover og forskrifter som regulerer rettar  og plikter for pasientar/brukarar, pårørande og yrkesutøvarar innan helse- og rusomsorg
    har kunnskap om korleis helse- og omsorgstenestene for menneske med psykiske lidingar og ruslidingar er organiserte
    kan oppdatera sin kunnskap innan psykisk helse- og rusarbeid for å ivareta brukarane sina individuelle behov
    har kunnskap om etiske teoriar og kommunikasjonsverktøy i arbeidet med brukarar med psykiske lidingar og ruslidingar
  • Kandidaten
    kan nytta kunnskap om menneske med psykiske lidingar og ruslidingar for å delta i planlegging, organisering og bidra til iverksetting av tiltak og metodar
    kan nytta kunnskap og samhandlingskompetanse i rettleiing av pasienter/brukarar for å oppnå meistring og aktiv problemløysing
    kan kommunisera og samhandla med pasientar/brukarar, pårørande og fagpersonar for å gjennomføra føremålstenlege tiltak
    kan finne informasjon og fagstoff om helsefremmande arbeid, og gjennom dette bidra til å forebygga problemutvikling, sjukdom og funksjonsnedsetting innanfor psykisk helsearbeid og rusarbeid
    kan kartleggje ressursar og identifisere behov hos pasientar/ brukarar med psykiske lidingar og ruslidingar for å setja i verk helsefremmande tiltak
  • Kandidaten
    har forståing for psykiske lidingar og ruslidingar i eit samfunnsperspektiv
    har forståing for etiske utfordringar og dilemmaer i psykisk helse- og rusarbeid og kan reflektera over eigen praksis og grunngje sine vurderingar fagleg og etisk
    har utvikla ei etisk grunnhaldning som ivaretar samarbeid med pasientar/brukarar, pårørande og fagpersonar, ivaretar brukarmedverknad, og ser behovet for meiningsfull aktivitet for menneske med psykiske lidingar og ruslidingar
    forstår kor viktig helsefremmande og førebyggande arbeid er i rehabilitering av brukarar med psykiske lidingar og ruslidingar
    kan bidra til å utføra kartlegging og behandling av pasientar/brukarar med psykiske lidingar og ruslidingar for å vurdera og ivareta deira behov for omsorg, behandling og oppfølging
    kan byggja relasjonar i faggrupper for å kvalitetssikra og vidareutvikla sin kompetanse og forståing for pasientar/brukarar og fagfeltet
    kan utvikla tenestetilbodet gjennom erfaring- og kunnskapsdeling på arbeidsplassen

Meir Informasjon om studiet