Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Arborist

Arborist

Etterspurnaden etter kompetansen til arboristar er aukande. Fleire større offentlege bedrifter og kommunar stiller krav til denne kompetansen i anbod på vedlikehald av tre / grøntanlegg.  Som arborist arbeider du profesjonelt med tre. Arborist er eit fysisk yrke og gjennom studiet må alle studentane arbeida praktisk i trekronene. God fysikk og det å tole høgder er nødvendig. Tilbodet er på Fagskolen i Hordaland sin studiestad Hjeltnes.

Arboristutdanninga er ei deltidsutdanning over 2 skoleår (60 studiepoeng). Du får opplæring mot arboristyrket gjennom teori/førelesningar, praktiske øvingar, oppgåveløysing både heime og i skole, prøvar/ testar og praksisdagar. Skolen bruker gode lærarar frå fagmiljøet i Noreg. Utdanninga startar opp igjen hausten 2020.
Det blir samlingar på skole om lag ei veke kvar månad, dei fleste samlingane er på Hjeltnes, men nokre samlingar blir lagt til andre stader. I tillegg til opplæring i skole, må du ha praksis i bedrift. Det første året er det krav til 5 veker praksis i bedrift, det andre året 7 veker praksis.
Du som student må sjølv skaffa deg praksisbedrift.

Utdanningskode er: FPS01D

Send oss ein e-post Slik søkjer du Studiestad Hjeltnes

Opptakskrav

Det er krav til fullført vidaregåande utdanning, innan ei av desse retningane:
- vitnemål som gartnar
- vitnemål som agronom
- vitnemål frå studieførebuande naturbruk
- fagbrev som anleggsgartnar
- fagbrev som skogsoperatør
Høgare relevant utdanning frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, eller høgskolestudiet innan landbruks- og naturfag samt skog- og utmarksfag, er og kvalifiserande for opptak.
Dei som har vore yrkesaktiv innan desse aktuelle yrka i minst 5 år, kan bli realkompetansevurdert. 
Det blir stilt krav til dokumentert opplæring i bruk av motorsag. Dette kan eventuelt takast i første delen av fagskolestudiet.
 

Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskole. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.

læringsutbytte

  • Kandidaten:
    • kjenner til fagområdets historie, tradisjonar og eigenart
    • har kunnskap om aktuelt utstyr og teknikkar til bruk i treklatring og trepleiearbeid
    • har kunnskap om trebiologi, vekstfaktorar og skadegjerarar
    • har kunnskap om aktuell fagterminologi
    • kjenner dei viktigaste grunnprinsippa for tilstandsvurdering, risikobedømming og økonomisk verdivurdering av tre
    • har kunnskap om aktuelle tre for Norske tilhøve
    • har kunnskap om etablering av tre på opne areal og i faste dekke
    • har innsikt i regelverk og helse, miljø og tryggleik (HMT) som er knytt til treklatring og trepleiearbeid
    • har kunnskap om bevaring og sikring av tre i bygge- og anleggsprosjekt
    • Har naudsynt basiskunnskap for å følgje med på utviklinga innan arboristnæringa
    • har innsikt i marknadsrelaterte oppgåver for bedrifter som arbeider innan fagfeltet
    • har kunnskap om tre og kan bidra til god forvaltning og bruk av tre i offentlege anlegg
    • har kunnskap om tre og deira tyding for biologisk mangfald og tre som økotenesteleverandør
  •  Kandidaten kan:
    • anvende fagleg kunnskap og arbeide som fagleiande og utøvande arborister i privat og offentleg sektor
    • utføre marknadsrelaterte oppgåver for bedrifter som arbeider innan fagfeltet
    • bruke aktuelt utstyr og aktuelle teknikkar til å klatre og arbeide effektivt og sikkert i etablerte tre
    • velje utstyr som er hensiktsmessig til ulike arbeidsoperasjonar med tre og kan kontrollere og bruke dette i høve regelverk og helse, miljø og tryggleik (HMT)
    • anvende relevant skjeringsutstyr og tilhøyrande teknikkar ved alle aktuelle former for skjering av tre
    • anvende relevant utstyr og tilhøyrande teknikkar for ordinære fellingsoppgåver, samt kontrollert nedrigging av tre i seksjonar
    • anvende utstyr og tilhøyrande teknikkar for bardunering (kronesikring) av greiner og stammer
    • utarbeide faglege rapportar og trevurderingar
    • på bakgrunn av kunnskap og fagstoff/ fagleg informasjon finne gode faglege løysningar på oppdrag med tre
    • kan kartlegge faglege problemstillingar av alle slag knytt til tre og foreslå tiltak
  • Kandidaten:

    • forstår viktigheita av å følgje lover og reglar i faget og har høg fokus på helse, miljø og tryggleik (HMT)
    • har ei etisk bevisstgjering overfor arborkulturfaget og overfor kunde og den bedrifta dei driv eller er tilsett i
    • kan planleggje og gjennomføre alle typar oppdrag knytt til tre, overfor ulike kundar / oppdragsgivarar og i tråd med regelverk og avtaler
    • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan faget og bidra til utvikling av gode relasjonar mellom fag- og yrkesgrupper
    • kan utvikle gode og hensiktsmessige arbeidsmetodar som grunnlag for godt utført trepleiearbeid overfor kundar og bedrifter
     

Meir informasjon om studiet