Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli kjend med Bergen Katedralskole sin nye rektor

IMG_0145.JPG

Mitt namn er Lise Holsen, og eg er ny rektor ved Bergen Katedralskole frå 01.08.2016. Eg er 59 år, og kjem frå stillinga som assisterande rektor ved Nordahl Grieg videregående skole. Eg har tidlegare vore rektor i 13 år ved to 1-10 skular i Bergen og Meland kommunar. Eg ser fram til å bli kjend med både elevar og tilsette ved skulen, og ønskjer å byggje vidare på det lange og gode fundamentet som skulen er tufta på. Dei tilsette har svært god kompetanse, og stor søknad til skulen tilseier at elevane trives og lærer her. Eg ser fram til at resultatet av byggjeprosessen som no går føre seg skal gje oss eit løft, og at skulen, om eit par år, byggteknisk er betre rusta for framtida.

Som rektor ser eg det som mitt ansvar å leie skulen i tråd med skulen sitt samfunnsoppdrag. Både leiinga og dei tilsette må vere godt orientert om kva kontekst dei unge er i, korleis samfunnet endrar seg og kva krav dette set til oss som skule.

Eg har eit sosiokulturelt læringsperspektiv, og meiner såleis at dei beste resultata oppstår ved at menneska i organisasjonen samarbeider mot felles mål og visjonar.  For at det skal skje må det skapast tillit og gode relasjonar både mellom dei vaksne og mellom den einskilde lærar og elev. Det er difor viktig å gje rom for dialog og refleksjon i skulekvardagen. 

Ein del av skulen sitt oppdrag er å møta aktuelle samfunnsutfordringar på ein open og inkluderande måte. Eg har fokus på den lærande organisasjonen, der vi har eit metaperspektiv på korleis vi lærer og utviklar oss. Eg likar å arbeide målretta og systemisk, og byggjer arbeidet på nasjonale og fylkeskommunale rammer for skuledrifta. Eg har fokus på nyare skuleforsking, og ser det som viktig å leggja til rette for gode pedagogiske møteplassar som gir rom for kreativitet og nyskaping.

I tillegg til førande dokument frå HFK som skuleeigar, ser eg store og interessante oppgåver i NOU 2015:8 – Fremtidens skole. Dokumentet beskriv samhandling- og kommunikasjonskompetanse som samsvarar med mi forståing av omgrepet lærande organisasjonar. Den tradisjonelle fagdelinga vert utfordra, og gir spanande rom for fagovergripande fornying i tråd med endra trong for kompetanse i samfunnet.

Som person er eg oppteken av å gjere andre gode i jobben sin. Eg er oppteken av å vera løysningsorientert, å opptre profesjonelt, og eg har godt humør. Eg er ein samarbeidande person, og legg vekt på å ha god forståing og dialog i organisasjonen.

Eg vil møta oppgåva som rektor ved Bergen Katedralskole med ei lyttande haldning, som varetek dei tilsette med respekt og interesse for det arbeidet dei har gjort. Med utgangspunkt i ståstaden til skulen, vil det deretter vere naturleg å ta initiativ til skuleutvikling i den retninga eg har skissert.

Eg går framtida lyst i møte, og gler meg til å vidareføre Bergen Katedralskole som ein viktig aktør i samfunnet.