Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er en yrkesfaglig utdanning. På Vg2 kan du velge mellom mange programområder. Etter 2 år på skole er det vanlig å søke læreplass for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretiden.

 

Kva kan du bli? 

Utdanningsprogrammet TIP er inngangsporten til ei lang rekkje spennande yrke innan sjøfart, oljebransje, teknisk industri, skipsbygging, møbelframstilling, bilbransje eller kjemisk prosessindustri.

Søk skuleplass

 

Nødvendige eigenskapar 

Du som vel denne retninga bør ha praktisk sans, godt handelag og du må vere nøyaktig.

I tillegg må du kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Interesse for ny teknologi er viktig. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka. Det å arbeide etter prosedyrar og teikningar, med registrering og dokumentasjon, er svært viktig.

 
Les mer om TIP Bli lærling

Fag og timetall

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Engelsk 3 2
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Produksjon 7 5
Dokumentasjon og kvalitet 5 5
Reparasjon og vedlikehold 0 5
Tekniske tjenester 5 0
Prosjekt til fordypning 6 9
Sum timetal per uke 35 33

Første året

Tip vg1.jpg

 

Vg1 Teknikk og industriell produksjon

 Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan teknisk industri, skipsindustri, teknoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og oljebransjen.

Du som vel denne retninga bør ha praktisk sans, godt handelag og vere nøyaktig. Du må kunne arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre. Interesse for ny teknologi er viktig. Helse, miljø og sikkerheit står sentralt i desse yrka. Det å arbeide etter prosedyre og teikningar, med registrering og dokumentasjon, er svært viktig.

Andre året

PIN.jpg

Vg2 Industriteknologi 

Programområdet legg grunnlaget for jobb innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatiserte og datastyrte arbeidsplassar.  

Utdanning i industriteknologi skal bidra til å utvikle kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidarar. Faget skal fremje heilskapleg forståing av produksjonsprosessar, helse, miljø og sikkerheit samt leggje grunnlaget for tverrfagleg tenking. 

Du bør ha praktisk sans, godt handelag og vere nøyaktig. Du bør både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Interesse for ny teknologi er også viktig. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.

_DSC0182 2.JPG

Vg2 Maritim fagretning  

Utdanninga skal bidra til å utvikle dyktige medarbeidarar med høg kompetanse innan drift av skip. Moglegheitene er mange- blant anna innan offshore og supply, fraktefartøy innanriks og utanriks, samt cruiseskip.  

Noreg og det internasjonale markedet er avhengige av driftssikre velfungerande fartøy med avansert teknologi og automatiserte prosessar. Programområdet for maritime fag skal leggje grunnlaget for yrkesutøving om bord på skip og flytande installasjonar. 

Faga krev auka bevisstheit innan HMS, både om bord og i land. Erfaring og kunnskap innan faget gjer deg verdifull og ettertrakta i arbeidsmarknaden. 

Skulen tilbyr eit eittårig utdanningsprogram, Vg2 maritime fag. Programområdet er delt i ein fellesdel og ein fordjupingsdel for matros og motormann. Utdanninga blir etterfølgd av ein læreplassperiode i bedrift om bord på skip, og fører fram til fagbrev for Matros og/eller Motormann. 

Merk deg at du må skaffe helseattest for å mønstre på skip. Det er mellom anna nødvendig å ha godt syn og godt fargesyn.

VG2 Brønnteknikk.jpg

Vg2 Brønnteknikk 

Ei utdanning innan brønnteknikk gir deg mange moglegheiter til ein spennande og utfordrande jobb- både offshore og på land. 

Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda. Dette er ein av dei viktigaste arenaane i Noreg for teknologiutvikling. Det er også ei av våre største eksportnæringar. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.

Veien videre

Etter to år på skolen kan du søke om læreplass.

Søk læreplass

Ta kontakt