Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er en yrkesfaglig utdanning. Det betyr at du først går på skole og deretter i lære for å ta fagbrev. Utdanningen tar 2-3 år på skole før du blir lærling, avhengig av hvilket lærefag du velger. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretiden.

Kva kan du bli?

Elektrofaga inngår i yrke som er viktige for å få samfunnet til å fungere. Du kan velje mellom fleire programområde og spesialisere deg innan blant anna elektronikk, automatisering og elenergi, som igjen rekrutterer til stillingar innan landindustri, sjøfart og offshore. Om du lurer på kva du skal bli eller kva for eit programfag du kan velje, får du ei god oversikt på villbli.no

Yrkesbeskriving villbli.no

Nødvendige eigenskapar

Du bør ha teknisk innsikt og interesse, vere nøyaktig og kunne arbeide systematisk. Tryggleik er viktig, og derfor bør du også ha evne til å kommunisere og samarbeide godt med andre. Å ha eit yrke i eit av elektrofaga kan vere fysisk hardt, og krev i tillegg eit godt fargesyn.

 

Søk skuleplass

Fag og timetall

Fag og timetal
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2 (elenergi) Timetall Vg2 (automasjon) Timetall Vg3 (automatiker)
Matematikk 3 0 0 0
Engelsk 3 2 2 0
Norsk 2 2 2 0
Naturfag 2 0 0 0
Samfunnsfag 0 3 3 0
Kroppsøving 2 2 2 2
Elenergisystemer 5 7 5 5
Automatiseringssystemer 5 5 12 23
Data- og elektronikksystemer 7 5 0 0
Prosjekt til fordypning 6 9 9 0
Mekaniske disipliner 0 0 0 5
Sum timetall per uke 35 35 35 35

Første året

Elektro.jpg

Vg1 Elektrofag

Elektrofag er for deg som kan tenke deg å jobbe innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon,automatisering eller data- og elektronikkbransjen. Du må vere nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenke logisk og du må vere praktisk.

Innanfor den teoretiske delen er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei viktig form for undervising, og den praktiske undervisinga blir gjennomført i eigne elektroverkstadar.

 

 

Andre året

Vg2 elenergi.jpeg

Vg2 Elenergi

Undervisinga gir kompetanse som dekker behov innan helsevesen, næringsliv, boliginstallasjonar, skipsfart, samferdsel, kraftproduksjon og industri.

Du vil lære om installasjon, vedlikehald og kontroll av ulike system og utstyr.

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.

Vg2 automatisering.jpg

Vg2 Automatisering

Eit vidt spekter av spennande jobbar står i kø for ein som har utdanning i automatiseringsfag. Innan dei fleste ledd i prosessbedrifter og industri er det stort behov for ein dyktig automatikar.

Undervisinga skal utvikle og sikre høg kompetanse innan automatiserte system i olje- og gassindustrien, prosess- og verkstadindustrien og annan næringsverksemd. 

Etter eksamen kan du søke lærlingplass og sidan få fagbrev.

Tredje året

Vg3_2.jpg

Vg3 Automatikar 

Som automatikar kan du få jobb i prosessindustri, mekanisk industri, olje- og gassindustrien og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld automatiserte prosessystem og maskinar. 

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir nytta til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

VG3 mar el.jpg

Vg3 Maritim elektrikar 

Skipselektrikar- Ny utdanningsmodell  

Skipselektrikarfaget har fra hausten 2017 fått ein ny utdanningsmodell. Den nye utdanninga er ei 5-årig utdanning. Etter Vg2 Elenergi må ein søke seg inn på Vg3 Maritim elektrikar. Dette faget finst kun på nokre få skular i landet. Etter fullført Vg3 Maritim elektrikar kan du søke som lærling i faget Maritim elektrikar. Det blir 2 år i lære på eit skip. Dei som vil inn i Sjøforsvaret, søker direkte til Sjøforsvaret etter Vg3 Maritim elektrikar. Etter fullført læretid kan ein søke om sertifikat som skipselektrikaroffiser.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du søke om å bli lærling. 

Bli lærling Søk læreplass

Kontaktinfo