Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kunst, design og arkitektur

Har du lyst på generell studiekompetanse og samtidig lære mer om design, formgiving og visuelle kunstfag? Det kan du på Kunst, design og arkitektur. Den treårige utdannelsen fører frem til generell studiekompetanse, og du har dermed muligheten til å ta høyere utdanning på universitet eller høyskole.

Vi tilbyr

Årstad videregående skole har det største tilbodet innan kunstnariske og estetiske fag i Hordaland.

Vi gir deg med skapartrong og interesse for estetiske kunnskapsformer store moglegheiter for utfalding og læring.

Viktige element i opplæringa er å auke den kreative forståinga, utvikle ulike teknikkar innanfor kreative arbeidsmetodar, forstå kunstprinsipp og korleis kunsten og det estetiske pregar ulike kulturar og samfunn.

Kunnskapsrike og engasjerte lærarar legg til rette for ei variert opplæring, kor praktiske og teoretiske ferdigheiter blir utvikla i samspel.

Vi har lang erfaring med Studiespesialisering med formgjeving.

Søk skuleplass

Kvifor velje Kunst, design og arkitektur?

Kunst, design og arkitektur (KDA) er eit nytt studieforberedande utdanningsprogram. I tillegg til å utvikle dei skapande evnene dine og lære om kunst og kultur, oppnår du studiekompetanse og kan ta høgare utdanning.

Dersom du tar høgare utdanning, kan du mellom anna bli:

  • arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
  • produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
  • kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar  

Framtidige arbeidsstadar kan vere:

  • arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
  • produksjonsbedrifter eller designbyrå
  • museum, gallerier eller kunstnaratelier
Les meir om faget på vilbli.no

Første året

_DSC4838.jpg

På Vg1 følgjer du to felles programfag innanfor Design og arkitektur 1 og Kunst og visuelle verkemiddel 1.

Gjennom opplæring i desse faga vil du utvikle praktiske ferdigheiter i og kunnskap om ulike material og teknikkar, og styrke kreative evner og estetisk bevisstheit - med bruk av analoge og digitale verktøy.

Programfaga gir moglegheit til å utvikle entreprenørskap og tverrfagleg arbeid. 

Fellesfaga på Vg1 omfattar engelsk, framandspråk, kroppsøving, matematikk, naturfag og norsk.

Læreplan Vg1 Kunst, design og arkitektur

Andre året

KDA.jpg

På Vg2 følgjer du felles programfag i Design og arkitektur 2 og Kunst og visuelle verkemiddel 2. I tillegg kan du velje eitt valfritt programfag:

  • Design og bærekraft
  • Foto og grafikk
  • Fysikk I
  • Matematikk R1
  • Biologi I
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Internasjonal engelsk
  • Psykologi I
  • Marknadsføring I

Tilbodet vil vere avhengig av interesse.

Dersom du vurderer å bli arkitekt og studere på NTNU, tilbyr vi nødvendig fordjuping i realfag.

Tredje året

Trappehus.jpg

På Vg3 følgjer du to felles programfag innanfor Design og arkitektur 3 og Kunst og visuelle verkemiddel 3.

I tillegg vel du to valfrie programfag:

  • Design og bærekraft
  • Foto og grafikk 2
  • Matematikk R2
  • Fag som blir tilbydt på studiespesialiserande utdanningsprogram

Kva fag du kan velje, er avhengig av skulen sitt tilbod.

Fellesfaga på Vg3 omfattar historie, kroppsøving, norsk, religion og etikk.

Dersom du vurderer å bli arkitekt og studere ved NTNU, tilbyr vi i løpet av Vg2 og Vg3, nødvendig fordjuping i realfag (Matematikk R1, R2 og Fysikk 1).

Vegen vidare

Etter at du har fullført og bestått desse tre åra får du studiekompetanse og du kan søke høgare utdanning.

Samordna opptak Utdanning.no

TA KONTAKT FOR MEIR INFORMASJON

Avdelingsleiar
Profilbilde av Rita Gjerde

Rita Gjerde

Send e-post 41234761