Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli lærling

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga.  Du må sjølv søke læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte dei lokale opplæringskontora med spørsmål om godkjente lærebedrifter i Hordaland.

Søk læreplass

Det er fleire måtar å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlingar . Uansett kva du vel tilrår vi at du søker gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. Då har du større tryggleik og kan få hjelp om du har behov for det, både med søknad og i læretida.

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedrifta. Då blir du lærling. Målet med læretida er å ta fag- eller sveinebrev. Bedriften har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den vert laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt og består av fire delar:

  • Planlegging  
  • Gjennomføring  
  • Vurdering  
  • Dokumentasjon

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova. Anbefalte sider om dine rettar som lærling: 

  • Opplæringslova på lovdata.no  
  • Arbeidsmiljølova på lovdata.no  
  • Retter som lærling hjå LO

Ingen læreplass?

Du har dessverre ingen garanti for å få læreplass i ei bedrift. Å vere lærling betyr at ei lærebedrift ønsker å tilsette deg i tida du lærer yrket. Det varierer frå år til år og i kva fag det kan vere vanskeleg å få ein læreplass. Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vere eit alternativ, anten innan eige fagområde eller påbygg til generell studiekompetanse for å ta studiekompetanse.

Meir informasjon om lærlingordninga finn du på nettsidene til fagopplæringskontoret.