Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Da kan service og samferdsel være noe for deg. Du går to år på skole før du blir lærling i en bedrift. Utdannelsen fører frem til fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretiden.

Undervisningstilbod

På Amalie Skram blir du inkludert i ein skulekvardag med mange moglegheiter.  Mange av lærarane har lang erfaring frå næringslivet, og vi har gode kontaktar med diverse bedrifter. Dette skapar moglegheitter for praktisk øving i tillegg til klasseromsundervisning. Hugs også på dei spennande moglegheitene  det nye bygget gir oss.

Alle har Vg1 Service og samferdsel det første året sitt. På Vg2 tilbyr Amalie Skram følgande tre retningar innan dette programområdet:

  • Sal, service og sikkerheit
  • IKT servicefag
  • Reiseliv
Meir om faget på vilbli.no Søk skuleplass

Tilrettelagt opplæring

Her på Amalie Skram tilbyr vi også tilrettelagt opplæring innan Service og samferdsel. 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

Avdelingsleiar - Service og samferdsel
Profilbilde av Torrey Hummelsund

Torrey Hummelsund

Send e-post

Første året

SS Vg1.jpg

Vg1 Service og samferdsel

Har du ein liten "gründer" i magen? Her på Vg1 lærer du blant anna å planlegge etablering og utvikling av små verksemder, produkt og tenester.

Vi fokuserer på marknadsføring, økonomi og informasjonsteknologi.

Bedrifter skal ikkje berre etablerast, dei må driftast også. Her legg vi vekt på korleis vi best mogleg kan ta i bruk den økonomien bedrifta har, arbeidsforhold og miljømessige omsyn.

Grunnlaget for eit spennande yrkesliv er lagt. No må du velje retninga du vil gå i.

Andre året

ImGL3402.jpg.jpg

Vg2 Reiseliv

Etter Vg1 Service og samferdsel kan du gå vidare til Vg2 Reiseliv. Dette fagområdet gir deg moglegheita til å jobbe med menneske innan reiseliv, hotellbransjen og i diverse bedrifter som fokuserer på turisme og kulturtilbod. Ønska og krava frå dei reisande er mange, og Vg2 Reiseliv vil gi deg opplæring innan både vertskapsrolla, sal og marknadsføring og korleis bedrifter vert etablert og drivne. Praktisk øving får du gjennom utplassering i bedrifter ein gang i veka.

I tillegg reiser vi rundt i Bergen og regionane for å lære meir om korleis reiselivsbransjen fungerer.

Etter dette året kan du gå vidare i lære innan følgande:

  • Resepsjonsfaget
  • Reiselivsfaget
SS vg2.jpg

Vg2 Sal, service og sikkerheit

Synest du det er spennande med marknadsføring og sal, økonomi eller sikkerheitsplanlegging, så er dette fagområdet valet for deg. Etter dette året kan du begynne i lære i følgande:

  • Kontor- og administrasjonsfaget
  • Salsfaget
  • Sikkerheitsfaget

Dette er altså faget for deg som likar å jobbe med menneske, er serviceinnstilt, strukturert og som likar ein praktisk kvardag.

SS IKT Vg2.jpg

Vg2 IKT-servicefag

Dersom du er interessert i å jobbe med både IKT-system og menneske, så er dette fagområdet for deg. Her får du moglegheita til å samarbeide med andre, jobbe sjølvstendig og praktisk ta i bruk kunnskap du har lært.

Her på Amalie Skram tilbyr vi altså Vg2 IKT servicefag. Her fokuserer vi mellom anna på både drift og vedlikehald av IKT-system, og i tillegg brukar- og verksemdsstøtte. Etter dette året kan du gjere følgande:

  1. Du kan gå vidare og få læreplass. Moglegheitene på arbeidsmarknaden er mange. Du kan framleis ta påbygg etter endt læreplass.
  2. Du kan ta allmennfagleg påbygg og få generell studiekompetanse. Om du ikkje vel dataingeniørstudiet, så er likevel IKT-kunnskapar nyttige i dei fleste yrke.

Tredje året

AA_6553074_01.jpg

Vala dine på Vg3

Dersom du vel å gå i lære, så varar læretida i to år før du kan ta fagbrev. Etter dette ventar arbeidslivet for fullt. Du kan også ta påbygg etter fagbrev.

Her på Amalie Skram tilbyr vi også påbygging til allmennfagleg studiekompetanse. Dette er for deg som vil oppnå generell studiekompetanse eller spesiell studiekompetanse. Du kan då gå vidare og studere ved høgskule eller universitet.

Allmennfagleg påbygging er eit meir teoriretta år. Hos oss kan du velje i eit stort utval av programfag.

Søk Læreplass

Etter to år på skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Bli lærling

 

Søk læreplass